I tidlegare tider, før dei store jordskifta på 1860-talet, låg gardsbruka samla i klyngetun, om lag som landsbyar. Etter utskiftingane flytta dei fleste tuna ut av klynga til heilt nye stader og vart spreidde over eit større område slik som dei ligg i dag. På Fjørtofta var det berre to gardar, som begge bar namnet Fjørtoft; berre nemningane nøre og søre skilde dei frå kvarandre (rettare hadde kanskje vore austre og vestre).

Men dei hadde kvart sitt gardsnummer – gnr. 3 for Nøre og gnr. 4 for Søre. I matrikkelen av 1838 hadde gardsbruka løpenummer, ikkje bruksnummer. Bruka i Haram og Vigra kommune (som var saman til 1890), var nummererte fortløpande frå nr. 1 på første bruket på Myklebust og vidare sørover øyane til Lepsøya, så inn til Skjeltene og innover Hildrestranda til Årsund, og deretter over til Vigra med Roaldsand på nummer 218 som det siste (gnr. 39). Bruka på Fjørtofta hadde frå nr. 10 (Rasmus Eriksen, nordre Fjørtoft) til 38 (Martinus Samundsen, Otterlei/Fuglevik).

All jord på øya høyrde til eigarane av dei to Fjørtoft-gardane. Men frå 1760-talet fekk folk lov til å slå seg ned på utmarka til Søre Fjørtoft og setje seg opp hus og rydde jord. Etter kvart kom det mange slike plassar som smått om senn vart utvida til gardsbruk, og i 1838 vart Otterlei med 9 bruk matrikulert under Fjørtoft Søre. Fjørtoft N. hadde då 11 bruk med Davik og Fuglevik og Fjørtoft S. 9 bruk utanom Otterlei-bruka.

Kor store gardane var i areal i tidlegare tider, er vanskeleg å seie. Storleiken er oftast oppgitt i (land)skyld (matrikkelskyld), som ikkje fortel noko eksakt om arealet. Opphavleg var landskylda den årlege avgifta ein leiglending måtte ut med til jordeigaren, men vart etter kvart eit mål på den bruksverdien gardsbruket hadde. Og bruksverdien var grunnlaget for skatten som gardbrukaren måtte betale, anten han eigde eller leigde garden. Fordi lett tilgang til fisk gav høgre verdi på gardsbruka her ute ved kysten, vart skylda sett ein god del høgare enn lenger inni landet – ofte dobbelt så høg.

Skylda vart gjerne oppgitt i vekteiningar som våg (18 kg) og mark (¼ kg), som var mykje brukt for fisk, eller i rommål – til dømes ei tønne korn (160 liter). Mællag (mellag) støyter ein òg ofte på som verdimålar. 1 mællag svarer til ¼ våg fisk i verdi. Ordet kjem av mæle, som var eit rommål. På Sunnmøre utgjorde ei mæle ca. 40 liter, altså ¼ tønne. Men desse måla varierer mykje med tid og stad. Kyrlag vart også brukt; det var verdien av ei «normal» ku, og det gjekk seks sauer på ei ku.

Skatten som var basert på skylda var den jamnaste og viktigaste. Til tider var det mange andre, avhengig av statsmakta sin trong for pengar. Særleg i krigstider var skattane tunge, og under Den store nordiske krig 1700–1721 var det hardt skattetrykk. Som døme kan nemnast at i 1714 betalte dei seks bøndene på Søre Fjørtoft om lag 25,5 riksdalar i samla skattar. Dette svara til verdien av 9 kyr eller 54 sauer. Attåt tunge skattar, måtte bøndene stille med soldatar og utrustning til desse. I tillegg kom tiende til kyrkja, som dei same bøndene samla betalte det nemnde året: 6 skjepper bygg (ca. 105 liter), 7,5 tønner havre og ½ våg 12 merker ost (ca. 12 kilo). Oppå alt dette betalte bonden altså landskyld (bygsel, festeavgift) til eigaren.

Når ein les om gardsbruka i tidlege tider, er det viktig å hugse på at husa låg samla i ei klynge, og at jorda til dei ulike bruka låg spreidd utover i små stykke og blanda med kvarandre (teigblanding). Elles vil ein lett sjå føre seg gardane slik dei ligg i dag, noko som stundom kan forvirre litt. Til dømes var Berngarden og Ivagarden eitt bruk før dei vart delt i to omkring 1720, men no ligg dei langt frå kvarandre. Dagens gardsbruk kom på plass etter utskiftingane på 1860-talet. Tunet til Berngarden vart då liggande på same staden, medan Ivagarden måtte flytte husa eit godt stykke.

Fjørtoft-gardane har eksistert sidan «tidenes morgen», medan Otterleia kom til i nyare tid. Området høyrde til Søre Fjørtoft si utmark og vart teke i bruk av busetjarar frå 1760-talet. Presten Henning Abelseth var stor eigar av Søre Fjørtoft og gav folk løyve til å slå seg ned i utmarka som plassemenn. Dei to første bureisarane var Lars Rasmusson (Johansgarden) og Hans frå Stryn (Olagarden). Abelseth gav dei bygslebrev på kvart sitt jordstykke på Otterlei, og bygslebreva vart tinglyste 16. juni 1766.

Fleire nye bureisingsfolk følgde nokså snart – til dømes Knut og Mali omkring 1770 (Øvste Kleiva), Peder frå Longva og Anne i 1778 (Didrikgarden) og Peder frå Selje og Cecilie frå Hjørundfjord i 1788 (Pe-rimma). Dei to Davik-bruka vart bygsla som plassar i Nordre Fjørtoft si utmark i 1795; det eine av Ole frå Flem og Brite frå Nogva, og det andre av Steffen frå Sunnylven og Gjertrud frå Flem. Fuglevik låg i same utmarka og vart bygsla i 1799 av Samund frå Borgund saman med Olave frå Hildre.

Snart var store delar av stranda frå Hagarden til Davika busett, og i løpet av nokre få generasjonar vart det som før var utmark gjort til dyrkamark. Etter som åra gjekk vart mange av bruka på Otterlei og i Davika like store som bruka på Nøre og Søre Fjørtoft. Ved matrikkelrevisjonen av 1886 vart Otterlei eigen matrikkelgard og fekk gardsnummer 4, og Davik og Fuglevik vart «flytta» hit frå Nordre Fjørtoft. Såleis var det 14 bruk under Otterlei i 1886.

MinnetavleHenning Abelseth, prest i Haram og jordeigar på Fjørtofta, har fått æra av å ha «skapt» Otterlei-grenda. Difor vart ei minnetavle over Abelseth sett opp ved Otterlei skule, tusenårsstaden på øya, i 2000 med innskrifta: «Henning Abelseth 1723–1774. Prest i Haram frå 1755 til 1774. Grunnleggar av bygda Otterlei i 1762 og stor privat bidragsytar til Fjørtoft Capell.»

Dei opphavlege gardane og bruka er med tida blitt mykje oppdelt. Årsakene er fleire – mellom anna trong nye generasjonar eit jordstykke å bu på og leve av. Fiskeria skaffa mat og inntekt og gjorde bonden mindre avhengig av jorda, og fisket gjorde at han fekk mindre tid til gardsdrift. Det kunne då vere både praktisk og lønsamt å dele eit gardsbruk, til dømes med ein son eller ein annan slektning.


Kommentarer

Gard og grend — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>