Nærleiken til Olaus Fjørtoft (1847–78) kan ha vore ei medvirkande årsak til at det så tidleg vart skipa lag av ungdom på Fjørtofta som ville opplysning og utvikling. Norsk biografisk leksikon skriv om Olaus:
«Han døydde ung, berre 31 år gammal, men trass i eit kort liv makta han å setje varige spor etter seg innan kultur og politikk. Såleis var han med på å forme den nye nasjonen som voks fram sist på 1800-talet og inn i det nye hundreåret …»

Alt i 1869 vart leselaget Idun skipa, og Fjørtoft samtalelag, som fekk namnet Fram (etter Olaus Fjørtoft), vart stifta 3. juledag 1884 på søndre kvisten i Gjertgarden ifølgje Sunnmørsposten.

Fleire fjørtoftingar gjekk på amtsskulen og kom heim med vidare horisont, meir kunnskap og kveik til å skape åndeleg vokster og utvikling. Dei som gjekk i brodden og fekk skipa samtalelaget, var Magnus J. Fjørtoft, Knudt Otterlei og Bernt O. Fjørtoft.

Fleire ungdomar syntest etter kvart at aktiviteten i samtalelaget var for avgrensa og ønskte eit vidare spekter av gjeremål. Dei slo frampå at det kanskje burde skipast eit frilyndt ungdomslag, som somme hadde kjennskap til. Nokre ungdomar gjekk framhaldsskule, amtsskule eller folkehøgskule, og kunnskapen dei fekk vekte trongen til meir opplysning. Særleg folkehøgskulen fremja den frilyndte ungdomslagsrørsla.

Ikkje alle samtalelagsmedlemene var oppglødde for tanken om eit ungdomslag, for dei meinte det kunne øydelegge samtalelaget. Men dei fleste trudde det var plass for to lag utan at det trong bli motsetnader mellom dei.

Søndag 17. juni 1894 kalla såleis lærar Lars I. Longva og nokre ungdomar saman til møte for å skipe eit frilyndt ungdomslag. På møtet var det avgjort stemning for å starte ungdomslag, og ein komité på sju personar skulle kome med framlegg til lover for laget. Dei sju var Lars Longva, Ole Johan Fjørtoft, Martinus K. Fjørtoft, Jacobia Eidsvik, Johanne Røsok, Ingeborg P. Fjørtoft og Olaus E.O. Fjørtoft.

På eit nytt møte 26. august same året vart så lover for laget vedteke, og §1 slår fast at namnet skal vere Framsteg. §2 lyder slik:
«Framstegs fyremaal er paa kristeleg grunn aa hjelpa ungdomen fram i god aalmendannande upplysning, og i sunn og upplivande moro. Dette fyremaalet søkjes naadd ved ordskifte, upplæsning, fyredrag, song og ymse slags leik, samt eit handskreve blad med namn ,,Uræddˮ.»

Til styre for laget vart valde om lag dei same som er nemnde ovanfor, med Lars Longva som formann. Dei som meinte at der ikkje var plass for to slike lag, fekk rett; samtalelaget gjekk inn ikkje lenge etter.

Det vart bestemt at to medlemer skulle vere bladstyrarar i Urædd eit år før neste par tok over, men seinare bytte dei oftare. Innhaldet i bladet var mangslunge og femnde om alle slags tema frå kjærleik, forelsking og giftarmål til motar, likestilling og litteratur. Redaktørane var gjerne ein gut og ei jente. Ulike synspunkt på ymse tema førte stundom til friske ordskifte i bladet.

På lagsmøta var det aktivitetar som opplesing, foredrag og ikkje minst diskusjonar. Det var fastsett eit tema for kvart møte, og ein av medlemene fekk i oppdrag å innleie til ordskifte. Det var ulike tema som vart debattert, til dømes «Er kvinna skapt til å vere likestilt med mannen?», «Kyrkjeleg eller borgarleg vigsle», «Ungdomsmoro», «Tobakksbruk».

Eit heitt tema var om kvinna skulle få røysterett ved stortingsval. Søndag 22. mars 1896 var det etter oppmoding frå «Norske kvinders stemmeretsforening» samankalla ungdomsmøte til ordskifte om røysterett for kvinna. Olina K. Fjørtoft innleidde, og det vart eit livleg ordskifte. Ungdomen hadde samhug med saka, men fleire av dei eldre tala imot. Til slutt var det avrøysting mellom kvinnene på møtet, og alle røysta for at kvinner skulle få røysterett. Vedtaket vart sendt til stemmerettsforeininga.

Men nokre dagar seinare, då gutane var på fiske, kalla ein av styret saman eit nytt møte og fekk vedteke eit «motmæle» mot vedtaket i ungdomslaget, og det vart sendt same vegen som det første vedtaket. Dette vekte sjølvsagt harme mellom gutane då det frettest. Men etter at overrettssakførar Rønneberg kom frå Ålesund og heldt foredrag om «Kvindens retslige stilling hos os» minka motstanden mot kvinnerøysteretten.

Foredrag var elles ein populær aktivitet i UL Framsteg; når det var foredrag på programmet, møtte folk mannjamt opp, både unge og eldre. Ein mykje omtykt foredragshaldar var sokneprest Richard Moe (1890–1906), som ofte tala på lagsmøta om ulike tema – religiøse, historiske og frå litteraturen. «Då no ungdomslaget hev havt liv og framgong i 25 år trass i uversrider og motbør, so hev me ikkje minst R. Moe å takke for det,» skreiv Einar Fjørtoft i 25-årsjubileumsskriftet.

Så godt likt var denne presten at folket i Haram leigde D/s Geiranger til å frakte huslyden til Åndalsnes då dei flytta frå Kjerstad i 1906. Båten var full av øyafolk på turen, og Framsteg sitt songkor var med og underheldt.

Foredrag gav kunnskap og opplysning om mange ulike emne og stetta såleis eit behov både i folket og føremålet til ungdomslaget. Med dugande talarar var foredrag gjerne også god underhaldning. Det seier sitt om kor viktig dette var for laget at over tretti utanbygds personar vart henta inn for å halde foredrag fram til 1920. Fleire av dei var folkehøgskulefolk. Dessutan er 13 innfødde fjørtoftingar nemnde i bøkene med foredrag i same perioden. Fire av dei var lærarar og éin stortingsmann.

Song var ein av dei jamne aktivitetane i Framsteg. Dei første par åra leidde lærar Lars Longva songøvingane, men sidan vart han med i ei religiøs bølgje som gjekk over øya og slutta i ungdomslaget. Seinare tok Martinus Karlsen litt songøving på møta og Lauritz E.O. Otterlei etter han. Men då Daniel Vatne kom til øya som lærar i 1902, vart det skipa eige songlag, og songøvingane på ungdomsmøta tok opphald i nokre år.

Hans Gjerde tok over både som lærar og korleiar i 1905. Han var også formann i UL Framsteg eit år, så då vart det igjen korsong på ungdomsmøta.

Ungdomslagsrørsla var tufta på opplysning, norskdom og fridom, og desse tinga hang i hop. Ei viktig sak var å byte ut dansk kultur med norsk, ikkje minst språket. I 1898 sende Framsteg søknad om å få dei nynorske Elias Blix-salmane tekne i bruk i Fjørtoft kyrkje, og frå 1899 kunne kyrkjelyden synge salmar som «Med Jesus vil eg fara», «Gud signe vårt dyre fedreland» og mange fleire norske salmar, som dei sa.

Ei anna viktig sak fram mot 1905, var frigjering frå Sverige og oppløysing av unionen. Bjørnstjerne Bjørnson stod her fremst i striden, og ungdomslaget sende han eit telegram i 1897: «Ungdomslaget ,,Framstegˮ, Fjørtoft, sender helsing og takk for langt, trufast og hugheilt strev for aa fremja Noregs æra og sjølvstende og vekkja fedrelandskjærleiken hjaa Noregs ungdom. Leve Bjørnson! Leve eit fritt Noreg!»

Skogplanting var òg ungdomslaga opptekne av, og det vart skipa plantekurs som mange deltok i. Dei fekk bruke eit jordstykke hjå Peder H. Otterlei til dette. Dei fekk også lov å plante skog hos Laurits M. Fjørtoft. Seinare vart det halde planteskule i Vardemyra og det vart planta noko gran og furu på «Liå». Våren 1900 kjøpte laget inn planter og planta tre rundt kyrkjegarden.

Den første 25-årsbolken var det jamn og trottig aktivitet i ungdomslaget. På det meste var det meir enn to møte i månaden i gjennomsnitt, og det minste var 14 møte på eit år. Kvart år var det skipa til ein julefest. Då møtte det alltid mykje folk, sjølv om lokala i skulehuset var små.

For å skaffe midlar til ulike føremål, vart det halde mange pakkefestar og basarar gjennom åra. Det vart gitt pengar til målarbeidet, skogsaka, boksamling på Fjørtofta, kaffistova i Ålesund og mange andre ting. Pengar vart òg avsett til det påtenkte forsamlingshuset.

Framsteg heldt møta sine i skulehusa, skiftevis på Fjørtoft og Otterlei. Husa var små, og det kunne ofte vere trongt om plassen. Verst var det når laget skulle syne fram spelstykke. Då tok dei i bruk Brenneriet – ei stor, romsleg sjøbu nede i Fjørtoftsvikane. Scene vart laga av kasser og fjøler, og sitjeplassane for publikum var raska saman av kasser, bordendar og elles det som fanst. «Til sæters», «Ei hugvending», «Nybrotsmenn» og fleire stykke vart spela her på sjøbua.

Såleis vart trongen for og tanken om eit samlingshus for øya stadig meir påtrengande. Alt i 1907 kom spørsmålet fram til ordskifte i ungdomslaget, og alle var samde om at hus måtte byggast. På mange møte framover vart saka diskutert. Det var semje om at alle på Fjørtofta som ville, skulle vere med og bygge huset, og at alle på øya skulle eige og bruke det.

Men det vart strid om kvar huset skulle stå, og dette seinka framdrifta mykje. Ei nemnd med både eldre og yngre vart vald til å arbeide med saka, men det drogst likevel ut i langdrag. Først i 1914 vart huset bygt, og det fekk namnet Varden.

Huset var stort og fint og gav nye og gode vilkår for aktiviteten i ungdomslaget. Likevel vart det ein noko slakkare periode fram mot 1920. Då huset vart teke i bruk var første verdskrigen (1914–18) alt i gang. Desse åra var det godt fiske og gode inntekter fordi dei krigførande trong fisk og sild og baud opp prisane. Travle tider i fiskeria saman med strev for å skaffe seg naudsynte varer under krigen kan ha skuva lagsarbeidet litt i bakgrunnen.

Det var kanskje dei gode fiskeria som synte att på ein pakkefest i 1918, då det kom inn nesten atten hundre kroner, som var ein svær sum pengar i dei tider. Dei vart brukt til å kjøpe fem lutar i «Møre Tidend», første dagsavisa på nynorsk, 200 kroner til bautastein over Olaus Fjørtoft og «elles var det mykje anna det vart gjeve pengar til», står det i 25-årsskriftet.

1920 – 1950

Sidan det ikkje har vore råd å oppdrive protokollar eller andre dokument etter Framsteg mellom 1919 og 1950, er historia om dette tidsrommet basert på sekundære kjelder.

Det var mykje dei same aktivitetane som vart drivne etter 1920 som før. Det jamnaste og viktigaste var lagsmøta med opplesing, ordskifte om eit på førehand bestemt emne, song og leik. Det sistnemnde kunne vere både songleikar og folkedansar. Ein gong imellom var det foredrag av anten ein innhyrt person eller nokon frå øya. Det var populært og trekte mange tilhøyrarar.

Frå 1925 tok fiskebåtane til å reise på Lofoten, og når fisket der var slutt og båtane kom heim rundt påsketider, vart det ofte skipa til fest. Sidan dei fleste gutane var på sjøen, var det jentene som stod føre denne festen. Då ordna dei alt med program, underhaldning og mat.

Jentene stod også sentralt ved pakkefestane, som det gjerne var ein av kvart år. Dei laga då pakkar med god mat som vart auksjonert bort. Gutane bydde på pakkane, og han som vann bodet, fekk ete maten i lag med ho som hadde laga pakken. Elles kunne det vere både ein haust- og ein julefest, og ungdomslaget var aktivt med i 17. mai-tilstellinga. Spelstykke vart innøvd og framført, og lagsbladet Urædd var med, om enn noko ujamt.

Som i dei fleste slike lag, gjekk drifta og aktiviteten også i Framsteg litt opp og ned. I ein svak periode lyder eit hjartesukk frå ein leiar slik: «Laget dreg no sårt med dauden. Ungdomen har inga interesse for lagsarbeid, eller for arbeid der dei må gjere noko – dei vil helst berre ta imot. (…) Det beste ein kunne gjere no er å late laget kvile nokre år.»

Lagsmøta vert etter kvart vanskeleg å halde i gang, lagsbladet Urædd blir tynnare og kjem ut sjeldnare, og det er heller ikkje det gode frammøtet som før på foredrag. I tillegg er det vanskar med å få folk i styret. Såleis kjem tanken om å legge ned laget oppatt på fleire årsmøte, og i 1950 vart det gjort alvor av det. Årsakene som vart oppgitt, var sviktande interesse for lagsarbeidet og medlemsflukt til GU-laget Øykameraten, som var stifta i 1945.

Nystart

Etter at det hadde vore stillstand i laget frå 1950, kom det til ein ny start i 1977, og eit interimsstyre vart valt veslejulaftan det året. I den førebuande fasen vart det mykje diskutert om det var plass til både Framsteg og GU-laget Øykameraten. Dei fleste meinte det ville gå bra, mellom anna fordi det var litt ulike aldersgrupper dei to laga engasjerte.

Den 3. februar 1978 vart det så halde skipingsmøte for «nye» Framsteg med val av styre: Atle Fjørtoft leiar, Alfred Sandøy nestleiar, Borgny Fjørtoft kasserar, Aud Larsen Otterlei skrivar og Tore Fjørtoft styremedlem.

Av arbeidsprogrammet styret sette opp, går det fram at det skulle vere lagsmøte ein gong i månaden. Vidare ville dei setje opp spelstykke og starte eit leik- og gammaldanskurs, begge delar i samarbeid med Øykameraten. Litt seinare vart det også bestemt å skipe ein ungdomsklubb for dei yngre i laget. Denne skulle ha faste spelekveldar og drive med ymse spel, mellom anna kurong og biljard.

Å få i gang teateraktivitet var ikkje berre enkelt, sjølv om det stadig var framme i diskusjonen på møta. Randi Nerland vart vald til teaterleiar i 1984 og reiste på teaterkurs i Ørsta. I oktober same året fekk dei besøk av teaterinstruktør, og den 30. desember vart «Doktor mot sin vilje» framført – det første spelstykket sidan nystarten. Stykket vart også synt på Framtun, Rogne, i januar 1985, med mykje publikum og god respons, og på Hildre nye grendahus litt seinare.

I 1984 runda Framsteg 90 år, og jubileumsfesten gjekk av stabelen på samfunnshuset 25. august. Borghild Reenskaug leidde medlemer før og no gjennom matykt, eit historisk attersyn ved Palmar Fjørtoft og ymse underhaldning. Ei jubileumsvise av Lasse Larsson Fjørtoft vart framført av Evy O. Krey og Ivar Høgset.

1980-åra var elles ein aktiv periode i ungdomslaget. I 1982 vert det meldt om populære swingkurs og gammaldanskveldar, i 1983 meir gammaldans og tre «vanlege» dansar pluss revy saman med idrettslaget, og i 1984 var det altså både jubileumsfest og teaterframsyning. Mange av medlemene reiste til Ørsta på såkalla storkurs i regi av Sunnmøre frilynde ungdomssamlag og fekk nyttig kunnskap om alt frå teatersminke via folkedans til lagsdrift.

To større prosjekt som hang saman vart starta i 1985. Det eine var å bygge opp ein videoverkstad der medlemene kunne få lære å bruke eit videokamera, som då var nokså nytt. Tanken var å bruke video aktivt både internt i laget, til dømes ved å filme teaterøving for lettare å sjå kva som kunne betrast. Men også utover for eksempelvis å kunne dokumentere liv og virke på øya. Det vart oppretta ei eiga videogruppe med Tore Fjørtoft som leiar.

Det andre prosjektet handla om næringsutvikling og jobbskaping på Fjørtofta for å få fleire ungdomar til å busette seg på øya. Ungdomslaget sette i gang ulike tiltak for å belyse stoda og prøve å finne fram til tiltak som kunne halde på fleire av dei unge som reiste ut. Det vart halde eit stort «optimistmøte» med ein del fagfolk og ordføraren til stades, og det vart arrangert ekskursjonar til andre bygder for å sjå på utviklingsprosjekt der.

Video vart brukt aktivt i dette prosjektet, mellom anna for å intervjue bedriftsleiarar og filme arbeidsplassar. 1985 var «ungdomsår», og ein kunne få statlege midlar til tiltak som involverte ungdomen. Framsteg søkte og fekk 18.000 kroner av slike midlar, og dessutan kr 10.000 frå ordninga «Planlegging av nærmiljø» og 5.000 kr frå det kommunale næringsfondet.

Den gode aktiviteten i 1980-åra heldt fram første del av 90-talet. Fram mot jul og i romjula 1994 er det hektisk aktivitet i laget i høve 100-årsjubiléet som skal feirast 30. desember. Omkring 110 gjester hadde sessa seg rundt borda då festleiar Elisabeth Fjørtoft ønskte velkomen. Etter serveringa framførte Lasse Larsson Fjørtoft sin eigen jubileumssong, Ansgar Otterlei las opp eit historisk attersyn, og det var gåver og helsingar frå mange hald.

Til underhaldning vart mellom anna fleire gode sketsjar framført, og kvelden blei avslutta med dans, der 13 fjørtoftingar spelte på skift. Ifølgje referatet i lagsprotokollen var jubileumsfesten ein «kjempesuksess – 130% vellykka».

Jubileumsmobiliseringa tappa nok litt krefter; iallfall er det ikkje notert noko i protokollen før nesten eit år etterpå – 6. desember 1995. Då var det åtte saker på agendaen, mellom anna spørsmål om utmelding av Noregs Ungdomslag, medlemsverving og tur til Bjorli. Fjorten dagar seinare var det eit nytt styremøte, som er det aller siste som er notert i møteboka.

Det er altså bråstopp i møteboka, men kanskje ikkje i Framsteg. Her trengst fleire opplysningar, og dei næraste til å fortelje kva som skjedde vidare, er dei som var aktivt med i laget denne tida. Håper nokon av dei tek kontakt, eventuelt skriv i kommentarfeltet nedanfor.


Kommentarer

Ungdomslaget Framsteg — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>