Stadt Gravenhage

Om lag slik såg Stadt Gravenhage ut.

Det hollandske handelsskipet «Stadt Gravenhage» lasta i november 1720 korn og andre varer i Danzig (Gdansk) i noverande Polen. Varene skulle fraktast heim til Nederland. Dei runda nordspissen av Danmark og svinga sørover 17. desember, men møtte morgonen etter ein sterk søraustleg storm som skada skipet slik at dei måtte lense unna vêret.

Den 20. desember fekk skipet fleire store brottsjøar over seg, og begge livbåtane vart slått sund og skylt overbord. Også akterenden på skipet fekk skade. Skipet tok til å leke så mykje at det var vanskeleg å halde vatnet ute sjølv med alle mann ved pumpene. Vesle julaftan vart den store masta knekt og for på sjøen. Dei fleste segla hadde fare same vegen tidlegare. Vatnet i rommet heldt fram med å stige og kom snart opp i fem fot (ca. 1,5 m).

Skipperen visste at dei for nordover langs norskekysten, men det var lite å sjå av land på grunn sjørok og snøfok. Såleis var skipet kome nordom Stadt på eit tidspunkt skipperen antok at dei var utanfor Bergen. Stoda om bord var no fortvila med eit maltraktert skip og utslitne mannskap som knapt hadde hatt blund på augo i mange døgn. Skipperen bestemmer seg difor å prøve å få skipet inn til land i von om berging.

Vêret hjelpte til med det, for vinden dreia nordvest og auka på. Snart nærma dei seg fallgarden som stod i eit einaste rók. Det var Harøy-falla (skjergarden) rett utanfor Fjørtofta. Mastene var knekte og riggen øydelagt, men dei klarte å få opp litt segl på stumpane. Roret var også ubrukeleg, så dei fekk ut eit provisorisk slepeanker for på den måten å få til litt styring i håp om å unngå skjera og kome så nært land som mogleg. Til slutt landa dei på ei grynne.

Då dagslyset kom om morgonen 2. juledag, såg dei snøkledt land. Det var ikkje langt unna, men det var likevel små sjansar til å nå dit sidan livbåtane var vekke. Dei bestemte seg for å prøve å kome seg til lands på skipslukene. Men før dei fekk desse på sjøen, kom det folk frå land roande ut «..med største livsfare», sa skipperen i sjøforklaringa seinare.

Til alt hell og med godt sjømannskap hadde skipet kome seg gjennom fallgarden og stranda ved inste Skjolden ute på Fjørtoftneset. Folk på land hadde sett lyssignala frå båten kvelden før, men det var ikkje til å tenkje på berging i det vêret som var då. Men dagen etter hadde det roa seg såpass at dei fekk båtar på sjøen.

Frosne og forkomne, mange av dei skada, vart mannskapet ført til lands ved Kvalvika og frakta dei to kilometrane inn til gardane. I åtte døgn hadde dei då kjempa for livet i storm og kulde og «…ei havde været i deres Køier». Men alle overlevde og reiste etter kvart frå Fjørtofta, den siste fem månader etter forliset.

Det stolte seglskipet vart gradvis sundslege av sjø og vind. Sidan lasterommet var fylt av sjø, vart mykje av kornet og andre varer øydelagt. Men ein god del av vrakgodset vart berga, og mange ting vart henta på land. Der var mellom anna mengder av verdifullt tauverk, svære anker og mange andre «skipsting».

Bøndene på Fjørtoft fekk 40 riksdalar for berginga av anker, segl og skipsreiskap og 20 riksdalar for andre varer. Dei som er nemnde i sjøforklaringa var

Tore Hansen (Johangarden)
Iver Larsen
Ole Johansen
Knud Johnsen (Gjertgarden)
Ole Johnsen (Gyridgarden)
Anders Hansen (Maligarden)
Steffen Ellingsen
Iver Andersen
Ole Hansen (Låna)
Peder Pedersen (Guttormgarden)
Siver Johnsen (Vollen)

Det var tolv mann om bord i «Stadt Gravenhage», og alle vart som nemnt berga. Ein av dei var norsk, og to var svensk. I takksemd over berginga gav mannskapet ein kopi av seglskuta til Fjørtoft-kapellet (gamlekyrkja). Den vart hengt under taket, men kom bort då kapellet vart rive i 1878.

(Stadt Gravenhage er eit anna namn på byen Haag.)

Kommentarar og nye opplysningar er velkomne.


Kommentarer

Forlis og redningsdåd — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>