Siste del av andre verdskrig var det tysk flyplass på Gossen (Aukra), og 23. mars 1945 var det eitt av flya der som naudlanda i sjøen ved Fjørtofta. Militærbasen hadde fått melding om at engelske fly var på veg i retning Ålesund, og 15 – 20 fly tok av for å møte fienden.

På grunn av dårleg vêr vart det berre ei kort trefning før dei fleste flya vende tilbake til basen. Eitt av flya hadde imidlertid fått ein treffar og fekk motorvanskar, og flygaren innsåg at han ikkje ville kome seg tilbake til Gossen. Derfor ville han prøve å naudlande og kom lavt innover Fjørtofta. Men på plassen han hadde sett seg ut var det store steinar, og han heldt fram ut på sjøen og gjorde ei buklanding der. Folk på land såg at flyet gjekk ned, og at flygaren etter ei kort stund kom opp til overflata og ropte om hjelp.

To av kameratflya følgde med og flaug lavt over flygaren i vatnet og vinka med vingane før dei sette kursen mot Gossen. Flyet hadde gått ned like utanfor Stongnes Mek. Verkstad, der mellom andre Peder Breivik og Bernt Fjørtoft var. Dei heiv seg i robåten og fossrodde ut til soldaten, drog han opp i båten og frakta han til lands. Der var attenåringane Jon A. Otterlei og Lars Fjørtoft komne til. Dei hadde lært litt tysk på realskulen og leidde den frosne og forkomne mannen opp til huset til smed Martinus P.K. Fjørtoft og kona Amalie (Malla til dagleg).

Ho ser dei kome og finn fram tørre klede og eit ullteppe. Ute på trappa tek ho kommandoen og får flygaren inn på det varme kjøkenet. Litt etter ligg han på divanen og får etter kvart varme i kroppen. Malla varmar mjølk som han får styrke seg på, og litt etter litt kjem han til hektene. Dette var sjølvsagt ei storhending for dei som såg flystyrten, og mange gutungar og andre strøymde til for å bisne. Det var ikkje kvar dag dei fekk sjå ein tyskar i levande live.

At piloten var frå Austerrike, spelte nok ikkje noko rolle, men det visste dei heller ikkje då. Det var full semje mellom dei som var til stades, at mannen ikkje ville ha overlevd utan at han vart berga til lands. Sjølv om han hadde flytevest, ville han ikkje ha klart å symje dei 150 – 200 metra til lands i det iskalde vatnet, iført mellom anna tung lærvest og støvlar.

Seinare same dagen vart Helmut Seichert, som flygaren heitte, henta med båt av den tyske leiinga på militærbasen. Alt tre dagar seinare var han på vingane frå flyplassen på Gossen. Men no var det berre nokre få veker til den tyske kapitulasjonen, og Seichert vende tilbake til heimlandet nokolunde uskadd.

Flydel

Del av Messerschmitt’en

Mange år seinare, i 1989, kom Jan Åge Fjørtoft til Austerrike som fotballproff. Helmut Seichert kjende att namnet og tok kontakt. Så tok ballen til å rulle, og han fekk etter kvart kontakt med Palmar Fjørtoft. Etter fleire år med korrespondanse og førebuingar, kom han som 79-åring tilbake til Fjørtofta og fekk sjå staden han hadde havarert med flyet sitt som 24-åring, og plassen og huset der han vart teken vare på med hjelpsemd og varme. 6. juni 1999 kom Helmut på vitjing saman med sonen Klaus, etter først å ha vore ein tur på Gossen. Berre eit par av hjelparane var no i live, men dei fekk helse på nokre av etterkomarane.

Folk på Fjørtofta fekk den havarerte Messerschmitt’en opp i fjøra, der han vart plukka sund, og mange sikra seg suvenirar i form av både kanonar, ammunisjon, radio og flydelar av mange slag. Då Helmut Seichert reiste frå øya, fekk han med seg noko av dette «skrotet», som for han var gull verdt. Delar av motorblokka og noko av vengane er framleis synlege på fjøre sjø nedanfor Stongnes-smia.


Kommentarer

Flystyrt 1945 på Fjørtofta — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>