Melodi: Vestland

Mi heimbygd Fjørtoft fager ligg du der
Ei lita øy i livd av fall og skjer
Der båra bryt med brim og brotsjøbrand
Frå hav som blånar ut mot himmelrand.

Eg ser deg tidt i regn og skoddeyr
Med gråsterberg og lyngbrun hei og myr
I vestaver og vinterstorm frå nord
Med skumkvitt båredrag på vik og fjord.

Men i den ljose vår og sumartid
Når sola gyller haug og ås og lid
Då stig du fager fram med gard og bø
Og speglar deg i stille sylvblank sjø.

Du kan vel synast aud og snau og grå
Men Fjørtoft du er likevel endå
Den stad eg aller mest har kjær på jord
Og her eg veit mi framtidslukka gror.

På Fjørtoft der har våre fedrar butt
I tusenår og gard og grender rudt
Med smil og tåre i frå alle deim
Er vigsla kvar ein stad og kvar ein heim.

Men ut for øya vide havet låg
Og ned på stranda vogga båt på våg
Og båten bar frå land mot havet ut
So mang ein djerv og uredd Fjørtoft-gut.

Og difor vil eg byggja trutt og trygt
På denne øy, der far og mor har bygt
Der heimen min i fager fred skal stå
Der båten min skal kløyva bylgja blå.

Olav Fjørtoft


Kommentarer

Fjørtoftsongen — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>