I oktober 1940 vart det gjort eit noko uvanleg båtfunn på Sunnmøre. Rasmus G. Fjørtoft heldt då på med nybrotsarbeid i ei myr om lag femti meter frå sjøen på Marsteinnes sør-aust på Fjørtofta. Rasmus kom fram på nokre trestykke som viste seg å vere restar av ein båt. Det var ein kjøl med ein bordgang på begge sidene, eit par spant og nokre andre bitar. Han tok ein pause i nybrottsarbeidet tok kontakt med Sunnmøre Museum.

Bergens Museum vart varsla, og arkeolog Per Fett derifrå reiste til Fjørtofta ein av dei første dagane i november. Han arbeidde eit par dagar på funnstaden, og meir trematerial kom til syne. Han registrerte funnet, men gjorde ikkje meir då. Etter vinterpausen kom Per Fett tilbake i juni 1941 og gjorde ei full utgraving.

Det var to båtar som kom til syne, ein stor og ein liten. Dei stod etter kvarandre i myra, og det såg ut som dei var sett der med hensikt. Den store båten var fylt med stein, og det var ikkje utstyr eller andre gjenstandar i eller ved båtane. Det vart heller ikkje funne mastefeste eller andre teikn på at båten førte segl. Per Fett tolka båtane og handlinga som ei offergåve.

Den største av båtane er om lag 10 meter lang og var ein tolværing (sekskeiping) med plass til seks årepar. Skroget er i eik, med seks klinka bord på kvar side. Spanta er festa til bordgangane med trenaglar. Den andre båten var mykje mindre, om lag så stor som ein færing, ca. 5,7 meter lang. Han var laga av furu og var mykje dårlegare bevart enn storbåten.

Per Fett meinte at båtane vart bygd ein gong mellom 500 og 900 e.Kr., medan andre har meint at dei er om lag like gamle som Kvalsundskipet, altså frå tida rundt år 700. Med karbondatering (C14-metoden) av dyrehår som vart brukt som tettingsmateriale på den største båten, er han tidfesta til rundt midten av 800-talet.

Båtane har seinare vorte rekonstruert av Bernhard Færøyvik, og i 1951 vart det bygd kopiar av begge båtane i full storleik. Dei vart bygde i Bjørkedalen av Sigurd Bjørkedal og gitt som gåve til Sunnmøre Museum av fiskarar i Haram. Dei rekonstruerte båtane er utstilte på Sunnmøre museum. Originalane finst knapt lenger. Det var vanleg at dei øydela båtane før dei vart lagde ned i myrar – det var eit offer. Så sjølv om trematerialen held seg godt i myrar, så er det berre fragment å finne av båtar frå denne tida. Slik var det også med Fjørtoftbåten.

Fjørtoftbåten

Fjørtoftbåten blir rodd gjennom Brosundet i Ålesund

Andre opplysningar eller kommentarar?


Kommentarer

Fjørtoftbåten — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>