Opptakta til vassverket var eit folkemøte ein søndag i januar 1972. Møtet var innkalla av tiltaksnemnda for å drøfte vassforsyninga på Fjørtofta. På øya var det få gode vasskjelder, og i tørkeperiodar om sommaren var det knapt ein kunne bruke vaskemaskin og vassklosett. I denne situasjonen var det mange som innsåg at noko «drastisk» måtte gjerast for å få stabil vassforsyning med godt vatn.

Berre halvannan månad tidlegare var det på eit folkemøte valt ei tiltaksnemnd som bestod av Leiv O. Fjørtoft (formann), Bjørn Fjørtoft, Bjørn Hatling, Jostein Otterlei og Inge Otterlei. Nemnda var valt for å arbeide for fleire arbeidsplassar på Fjørtofta og fann at ei løysing på vassforsyninga var ein føresetnad for å få til andre ting.

Nemnda kunne på folkemøtet fortelje at teknisk etat hadde opplyst at det ikkje låg føre kommunale planar om vassforsyning til Fjørtofta. I samarbeid med  ingeniør Laurits Nes i Ålesund hadde dei difor fått utarbeidd ein plan for trygg og varig vassforsyning frå Brattvåg. Planen gjekk ut på å legge ei leidning frå Hestevatnet til Davika.

To dagar seinare, 25. januar 1972 vart så Fjørtoft vassverk skipa for å løyse dette viktige spørsmålet. Den som kom opp med tanken om å gå saman om ei felles vassløysing for heile øya, var Jostein Otterlei. Han vart også formann i vassverket og primus motor for prosjektet. Med seg i styret hadde han Palmar Fjørtoft, Vidar Fjørtoft, Odd Otterlei (og truleg ein til).

Etter mykje diskusjon vart det vedteke å satse på den fantastiske planen om å hente vatn frå fastlandet. Det vart tinga med Brattvåg vassverk som lova å levere vatn til 13 øre pr. kubikkmeter. Vel og bra, men korleis få vatnet ut på Fjørtofta?

Med hjelp av ingeniør Nes i Ålesund vart det prosjektert ei røyrledning frå Hestevatnet i Brattvåg til Fjørtofta. Jostein Otterlei sitt maskinlag starta arbeidet med å legge ei 11 toms røyr ut til Djuvika på Synnaland i 1974. Dei som budde i området hadde heller ikkje tilfredsstillande vatn, så dei fekk knyte seg på. Denne delen løyste Brattvåg vassverk seinare ut.

Neste etappe var frå Synnaland og ut til Davika, ei strekning på om lag 9 km, der det skulle leggast fem toms røyr. Ein fin dag på ettersommaren 1975 stilte så godt som alle fiskebåtane på Fjørtofta opp for å legge røyra i sjøen. Desse kom i lange lengder sjøvegen frå Lyngen i Troms og vart skøytte saman til endå større lengder inne i Samfjorden. Der sette dei òg på lodda som skulle halde røyra nedsenka.

Nokre av båtane gjekk i skytteltrafikk med dei samansveisa røyrlengdene ut til Torell, der dei vart kopla på enden av leidninga fortløpande. Dette var plastrøyr som vart sveisa med ei maskin som varma opp endane og trykte dei saman. Sveisen skulle vere like sterk som røyra elles, var det lova. Noko som ser ut til å halde stikk ettersom leidninga framleis er i bruk etter over 40 år.

Heile sjøleidninga frå Synnaland til Davika vart lagt på éin (lang) dag. Vêret var godt, og alt gjekk fint sjølv om det var berre amatørar som utførte arbeidet. Laurits Nes var med, og nokon frå røyrleverandøren, som hadde ansvaret for sveisinga av røyra. Dette skal ha vore den lengste vassleidninga i landet i den storleik som var lagt i sjø til då.

Vel i land i Davika vart det lagt om lag 10 km hovudleidning rundt øya og nesten like mykje stikkleidningar. Oppe på Kjemannen ovanfor Øvste-Johansgarden vart det oppsett eit magasin. Ei leidning går ut på kvar side for å jamne ut trykket.

Noko utskifting av delar og normalt vedlikehald har det sjølvsagt vore på desse åra, men vassverket er i dag i veldig god stand. At det vart valt plast og ikkje eternittrøyr den gongen, var ei lukke. Røyra er av tjukt, kraftig gods og vil kunne gjere teneste i mange år framover. Og vatnet er av topp kvalitet, så skippertaket i 1975 og deromkring var ei god investering for ettertida.

Prisen på heile anlegget kom på knapt to millionar kroner, som var ein del pengar i dei dagar. I tillegg til eigeninnsats i form av både dugnad og kontante pengar, var det gode tilskot å få både frå kommune og stat den gongen. Også forsikringsselskap skaut inn midlar.

Det var anleggsfirmaet Jostein Otterlei A/S som utførte alt arbeidet på land, både i Brattvåg og på Fjørtofta.

Sidan Harøya var i ein liknande vanskeleg situasjon som Fjørtofta hadde vore, vart SaHara, eit samarbeidsprosjekt mellom Sandøy og Haram, etablert for å forsyne Sandøy med nok og godt vatn. SaHara la leidning frå Hestevatnet ut til Rogne og vidare til Fjørtofta og Harøya. Dette var fullført i 1987.

Det er altså to forsyningsleidningar til Fjørtofta, som framleis har sitt eige, sjølvstendige vassverk. Men avtalen med Brattvåg vassverk er avslutta, og det er no SaHara som har ansvaret for vassleveringa. I dag er det SaHara-leidninga som i hovudsak vert brukt, medan den første er reserve og vert nytta når det trengst.

Kommentarar, bilete og nye opplysningar er velkomne.


Kommentarer

Fjørtoft vassverk — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>