Edgar Davik og Peder R. Fjørtoft tok over Alf Turøy sin trålverkstad, flytta verksemda til pakkhuset på ferjekaia og starta Fjørtoft Trålverksted i 1967. Denne tida var det mykje trålaktivitet, både av fjørtoftsbåtar og i fiskeria generelt, og arbeidsmengda auka stadig. Det vart såleis trong for meir plass, og dei flytta etter kvart ein del av produksjonen til andre høgda i Vågholmbuda.

Etter nokre år med tiltakande oppdragsmengde og gode utsikter på trålmarknaden, ønskte Edgar Davik å satse større. I 1975 etablerte han difor firmaet Fjørtoft Trål AS saman med Lars R. Fjørtoft, som var kontorsjef på Hildre Fiskevegn i Brattvåg. Sidan skilde Edgar og Peder lag, og sistnemnde dreiv trålverkstaden vidare i pakkhuset for seg sjølv og beheldt firmanamnet.

Plassen i Vågholmbuda vart snart for liten, og planar for nye og større lokale vart lagt. Omkring 1975 forlengde Kystverket moloen bort til austre Vågholmen, og det vart bestemt å oppføre eit industribygg for Fjørtoft Trål der, saman med ei djupvasskai. Jostein Otterlei skaut ut og planerte tomta, og verksemda kunne flytte inn i eige hus i 1979.

Edgar Davik og kona Jorun dreiv firmaet i lag, og begge hadde arbeidsplassen sin her alle åra fram til 1997, då firmaet vart selt. Edgar heldt fram som driftsleiar til 2000. Jorun hadde ansvaret for rekneskap og lønn, medan Edgar stod for produksjon og leiing av bedrifta. Saman eigde dei to tredelar av aksjane, medan Lars Fjørtoft hadde den siste tredjeparten. Han arbeidde også i verksemda frå 1989 til han pensjonerte seg i 1994.

På Vågholmbuda kunne det vere så mange som 7–8 personar i arbeid når det var mykje å gjere. Etter at dei flytta inn i nye og større lokale med betre plass, var det på det meste 11 tilsette i aktivitet. På det jamne var det 5–6 personar som hadde sitt daglege arbeid på Fjørtoft Trål.

På Fjørtofta var det mange trålarar denne tida, og dei skulle ha trålutstyr. Men størsteparten av kundane var store fabrikktrålarar, både norske og ein del frå Færøyane. Desse kravde djupvasskai, og det var ei av årsakene til at Edgar fekk laga ei slik kai og sett opp nytt industribygg på Vågholmen. Dette var ein periode med høg aktivitet, og det vart laga trål for både reke, straumsild, torsk og sei. Verksemda fekk også ein stor kontrakt med Norad om levering av utstyr til reketråling i Burma (Myanmar).

Reketråling ved Grønland på 1970-talet var ein viktig periode for Fjørtoft Trål. Edgar var med på å utvikle trålreiskapen i nært samarbeid med kundane. Mange både norske og færøyske reketrålarar fekk vegna si her. Fleire av desse trålarane hadde fjørtoftingar som trålbasar.

Labbetuss

Edgar Davik knyter «Labbetuss»

Fjørtoft Trål var også først ute med utstyr til partråling, og dei første dobbeltrålane vart levert til Færøyane. Likeins var dei tidleg ute med å erstatte nylon i trålposen med polyetylen, noko som gjorde trålen lettare. Såleis vart han rimelegare å tråle med, på grunn av mindre vekt. Men trålposen vart mindre slitesterk, så Edgar konstruerte slitematta «Labbetuss». Det var ei ekstra matte som vart montert på undersida av trålposen for å minske slitasje og unngå at posen vart oppriven.

Etter som kvotane for trålfiske minka og produksjonen av trålutstyr dermed avtok, kom det godt med at oppdrettsnæringa auka i omfang i tida framover. Utvikling og produksjon av laksemerder gav Fjørtoft Trål mykje arbeid i mange år. I denne perioden vart det investert i garnbindemaskin for å vere sjølvforsynt med tau og notlin til produksjonen av merder.

Større aktørar i notproduksjon kom etter kvart på bana, og konkurransen om kundane auka. For å halde aktiviteten oppe og spe på omsetninga, vart to garnfellemaskiner innkjøpt. Dette er ei slags symaskin som skyt eller feller notlinet fast på tauet i kantane på eit garn. Såleis vart det no også laga vanlege fiskegarn for torsk og sild m.v. Dette var sesongbestemt, og aktiviteten på fabrikken svinga med aktiviteten i fiskeria og oppdrettsnæringa.

Av andre ting som vart laga på Fjørtoft Trål, kan nemnast utstyr til skjeloppdrett og havteiner. Eit par års tid på midten av 1980-talet vart det drive med oppdrett av østers på Fjørtofta, og ein del av utstyret til dette vart levert av Fjørtoft Trål. Nemnast må også samarbeidet med O.H. Otterlei Mek. Verksted, som laga tråldører. Saman kunne dei levere det meste av trålutstyret som trongst.

Då Edgar vart sjuk og ikkje lenger hadde helse til å halde fram drifta, vart firmaet og anlegget selt i 1997. Den nye eigaren, Gudmund Fjørtoft, fekk likevel med seg Edgar vidare som driftsleiar i 60% stilling fram til år 2000.

Aktiviteten på trålverkstaden heldt fram enno nokre år. Frå 2004 vart det gjennom firmaet Trålnett importert trålutstyr frå Portugal og Spania. Det var wire, nøter, lin og tauverk av alle slag – kort sagt komplett utstyr for tråling, og det aller meste vart selt gjennom Fjørtoft Trål. To mann med kompetanse på dette utstyret, ein frå Portugal og ein frå Spania, var på Fjørtofta i 3–4 år som seljarar. Dette tok slutt i 2007, og sidan der var lite anna aktivitet, vart drifta då avslutta. Driftsbygninga har sidan vore nytta til lager.


Kommentarer

Fjørtoft Trål — 2 kommentarer

    • Takk for tilbakemelding. Veit du når Lars arbeidde på Fjørtoft Trål? Var det på fulltid eller deltid i tillegg til jobben som kontorsjef på Hildre Fiskevegn?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>