Sylvi Anne Otterlei har køyrt drosje «i alle år» på Fjørtofta. Det starta med at ho vart spurt om å køyre gamle og sjuke til Ålesund sjukehus privat. Sidan behovet for ei drosje på øya så tydeleg var til stades, bestemte Sylvi seg for å søkje om drosjeløyve. Det skjedde i februar 1984, og i mars same året vart det gjort vedtak i samferdselsavdelinga i fylket om å opprette drosjeløyve på Fjørtofta.

Etter behandling i ymse instansar vart løyvet oppretta, men Sylvi måtte sende ny søknad for å få tildelt løyvet. Det gjorde ho i august 1984, og den 27. september same året fekk ho løyve T-434 i bursdagspresang. Det er eit såkalla bustadløyve, med fast stasjoneringsstad, men utan tilknyting til ein sentral. Første drosjebilen var ein Mazda 929 stasjonsvogn, som også vart brukt til båretransport.

Forutan vanleg drosjekøyring på øya, vart det òg ein del lengre turar med eldre eller sjuke folk som skulle køyrast til sjukehus, fysikalsk behandling eller andre ting. Såleis var det av og til bruk for å ha to bilar i sving på same tid, og Sylvi søkte difor og fekk eit reserveløyve i 1997.

Etter at Inge Otterlei slutta med busskøyring, fekk Fjørtoft Taxi avtale om skyssing av skuleborn til og frå skulen frå januar 2003, og til og frå ferjekaia etter at skulen vart nedlagt i 2008. Drosja fungerte då også som rutebuss med faste rutetider i samband med skulekøyringa. For å ta unna denne trafikken, skaffa Sylvi seg ein Volkswagen minibuss med plass til åtte passasjerar.

Sidan den tid har folketalet gått mykje ned på Fjørtofta, og taxisjåføren har rolegare tider. I skrivande stund har Sylvi Otterlei køyrt drosje i om lag 34 år og sit framleis bak rattet innimellom.

Fjørtoft Taxi


Kommentarer

Fjørtoft Taxi — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>