Etter at det i 1968 vart tilsett kommunal musikkinstruktør i Haram, tok folk til å snakke om å starte eit musikkorps på Fjørtofta. På eit møte i foreldrelaget for skulen 6. oktober 1968 vart tanken lufta, og det kom opp forslag om å skipe eit skulekorps. Framlegget fall i god jord, og det vart valt eit styre for det komande skulekorpset: Edgar Davik, Kjartan Fjørtoft og Kårmund Larsen. Odd Brevik vart valt som representant for lærarane, og Leif M. Fjørtoft for skuletilsynet.

Musikkinstruktør og dirigent Ottar Fiskergaard sette seg straks i sving for å skaffe instrument, notar og anna naudsynt utstyr. Han starta òg opp øvingar med 16 musikantar, og dette aller første korpset opptredde for første gong på juletrefesten same året.

Fjørtoft skulekorps 1970

Fjørtoft skulekorps 17. mai 1970. Foto Eldar Fjørtoft

Økonomi
Største bøygen i starten var å skaffe pengar til instrument og notar. Men alt på det første møtet gav husmorlaget 150 kroner, og sidan kom det kr 110 frå fiskarlaget, kr 200 frå GU-laget og eit bidrag på kr 1.000 frå foreldrelaget. Det vart skipa arrangement til inntekt for skulekorpset, og i 1970 tok foreldra på seg å støype fundament og setje opp gjerde rundt heile skuleområdet, og å bygge leskur. Betalinga for arbeidet gjekk til skulekorpset, og desse pengane la også grunnlaget for at korpset i april 1971 kunne entre scena i uniformer.

Korpsturar
Same året gjekk den første korpsturen av stabelen – til Kristiansund med Per Atle Ulvestad som vikardirigent. I pinsa året etter deltok dei på krinsstemne i Ålesund. No var medlemstalet kome opp i 20, og ni aspirantar stod på vent. I 1973 var det tur til Ørsta, og omtrent kvart år seinare var det kortare eller lengre turar til ulike reisemål.

Ein av dei flottaste turane var til den finske øygruppa Åland i juni 1990. I hovudstaden Mariehamn spelte korpset både på fotballstadion og i statsparken, og på turen var dei elles innom både Stockholm, Karlstad og fleire andre stader. På kanalfest i Telemark juni 1992 hende noko som berre har ein tusendels promilles sjanse til å inntreffe: Monika Otterlei vart gjest nr. 1 million i Sommarland i Bø. Som «premie» fekk ho sportsutstyr til ein verdi av kr 15.000!

Ny dirigent og fane
Den 1. april 1973 var det avskjedsfest for dirigent Fiskergaard, og Ole Johan Otterlei gjekk inn som musikalsk leiar til ny instruktør var på plass. Per Sunde tok til i oktober same året og vart verande Fjørtoft skulekorps sin dirigent i 25 år, berre med eit avbrot skuleåret 1978/79, då han leia musikkavdelinga til Johs. Havnevik i Ålesund. Leiv Staale Aasebø var dirigent dette året.

Med dugande dirigent og flinke musikantar i fine uniformer, var det berre éin ting leiarane sakna når dei var saman med andre korps – ei fane. Dermed vart det oppnemnt ei fanenemnd, med Petter Dyrkorn i brodden. Han måla motivet av ærfuglane, og teksten – Fjørtoft skule – la han i 18 karat bladgull. Ornamentet F.S.K. på baksida er òg laga av han. Tilfanget til fana kosta kr 3.175. Applikering og montering vart utført av Merete Sandøy, Gjertrud Larsen og Bodil Otterlei. Fana vart nytta første gong på musikkfestivalen i Arendal sommaren 1974.

Resultat og utvikling
Ei oppsummering ved 10-årsjubiléet i 1978 viser at foreldrelaget hadde kjøpt instrument for kr 75.000 og uniformer for 45.500. Inger Røsok Fjørtoft nemner òg kva dei har fått tilbake: «Korpset har gledd oss med mykje fin musikk desse åra. Dei har vore med og skapt fest over 17. maidagen. Spelt i kyrkja i høve avslutninga på skuleåret, delteke på julefestane våre; dette for å nemne det vanlege.»

I starten var som nemnt medlemstalet 16, og sidan har det gått både opp og ned etter årgangane med born og andre tilhøve. Høgste toppen var i 1978/79 med heile 42 utøvande medlemar, og i nokre år deretter låg talet på 33 – 37 musikantar. I sin reportasje frå 15-årsjubiléet i 1983 skreiv Haramsnytt at Fjørtofta måtte ha verdsrekord i skulekorps i høve til folketalet. Då korpset feira 20-årsjubileum i 1988, hadde i alt 119 musikantar vore med.

Aktivitetar
Vårkonsert og haustkonsert med føregåande øvingshelgar kvart år var «fast inventar» i korpset sine aktivitetar. Fast var sjølvsagt også 17. mai både ute og inne. Tenning av julegran, adventskonsert, deltaking ved julegudsteneste og anna julespeling var andre jamne oppdrag. I tillegg kom speling ved ei mengde andre høve og tilstellingar som andre skipa til, og sjølvsagt på besøk med andre korps, på stemne og turar andre stader i verda. For å få alt dette til, har støtteapparatet gjennom åra lagt ned mykje tid og arbeid for å skaffe pengar til drifta og elles syte for at heile maskineriet fungerte som det skulle.

Kystkultur
For å bevisstgjere og styrke lokal identitet og forankring som øybuar ved havkanten, gjorde korpset i 1998 mellom anna eit hamskifte i klednaden. Dei gjekk vekk frå den tradisjonelle korpsuniforma og skaffa seg nye og annleis drakter som var inspirerte av kystkulturen. Skjortene var pynta med ei spenne funnen på Fjørtofta i ei kvinnegrav frå vikingtida.

Fjørtoft skulekorps 1999

Fjørtoft skulekorps 1999. Foto: Elvebakken

Dei la også om ein del av repertoaret frå tradisjonell korpsmusikk til meir moderne rytmer og arrangement og tok elles i bruk noko musikk av lokalt opphav som vart arrangert for korps. For å hjelpe på denne fornyinga og for å halde lenger på medlemane, vart det teke i bruk utradisjonelle instrument i korpssamanheng, som gitar, keyboard o.fl. Eit føremål med omlegginga var òg å inspirere bygdefolket til nytenking og nyskaping for vekst og utvikling på øya.

På 30-årsjubileumskonserten 29. november 1998 vart så «nye» Fjørtoft skulekorps presentert med splitter nye kystkulturdrakter. Likeins var repertoar og instrument i tråd med den nyskapande målsetjinga. Det var tydeleg at det var ein ny giv i korpset, og programleiar Borghild Reenskaug streka under at resultatet som vart vist og framført på konserten i stor grad kom av interesse og engasjement frå musikantane. Elles fekk dirigent Per Sunde, som hadde vore ei viktig drivkraft i korpset i 25 år, ei smijernsklokke med «Fjørtoft-stein» som takk for innsatsen.

Taremareby
Hausten 2001 tok skulekorpset i samarbeid med skulen fatt i Ingebrigt Davik sine eventyr og songar frå den undersjøiske verda på Fjørtofta. Dei fekk arrangert songane for korps og laga eit musikkspel med song og teater. Barnehagen var òg med. Øvinga gjekk føre seg gjennom skuleåret og vart framført første gong 17. mai 2002. Sidan vart det oppført på Fjørtoftstreffet i pinsa, og delar av det på Haramstreffet helga etter. Musikalsk leiar var Helén Harneshaug, som var både dirigent i korpset og musikklærar på skulen. Ho vart tilsett her etter at Per Sunde slutta i 1999.

Mange andre var òg involvert i det store prosjektet, med å sy kostymer, lage kulisser og ei mengde praktiske ting elles. I ei lang helsing til øyafolket i programmet på første konserten, avsluttar dirigenten slik: «Uansett korleis dagen i dag går og uansett kva resultatet blir, har dette vore ein prosess og eit løft for heile bygda. (…) Eg vil på denne måten takke eit flott folk på ei flott øy for ein flott innsats.»

Vennskapskorps i Sør-Afrika
I november 1999 fekk Fjørtoft skulekorps besøk av to utsendingar frå Field Band Foundation – korpsrørsla i Sør-Afrika – som var med ein delegasjon på besøk til Noreg. Dei to var spesielt interessert i kulturarbeid, og særskilt korpsmusikk. NMF (Norges Musikkorps Forbund) hadde plukka ut Fjørtoft som det eine av to korps dei skulle vitje. Året etter vart det oppretta vennskapleg samband mellom korpset The Shatterprufe Northern Eagles i Port Elisabeth og Fjørtoft skulekorps.

I juni 2000 drog korpset på hurtigrutetur til Bergen i eit samarbeid med NMF som var interessert i å presentere dei i forhold til Afrika- og kystkulturprosjektet. Fjørtoftingane spelte mellom anna på Torgallmenningen i Bergen, men det likaste på heile turen var seminaret «Den evige klangen» på heimturen med profesjonelle instruktørar og ein uforgløymeleg konsert i Geiranger som høgdepunkt.

I desember 2001 kom Riaan van Heerden og Njabulo Mtshali på besøk. Dei gjekk på Manger folkehøgskule, mellom anna for å lære notar og bli kjent med den norske korpsrørsla. Riaan tilhøyrde vennskapskorpset i Port Elisabeth. Då dei to afrikanarane vitja øya, fekk dei skulekorpset til å spele etter gehør, utan notar. Begge kom tilbake til Haramstreffet 25. mai 2002 og instruerte 400 musikantar i nye tonar og dansesteg.

Haramstreff
var eit stemne for alle korpsa i Haram som vart arrangert kvart år. Det gjekk på omgang mellom korpsa å vere vertskap, og Fjørtoft skulekorps var arrangør i 1979 med 11 skulekorps og 400 deltakarar, 1984 (12 skulekorps), 20. mai 1989 (12 skulekorps + Vatne Hornmusikk), 1. juni 1996 og 25. mai 2002.

Når ein les i møteprotokollane til Fjørtoft skulekorps, er det vanskeleg å ikkje la seg imponere over den driven det i periodar har vore i korpsorganisasjonen, kanskje særleg frå 1980-talet og utetter. I tillegg til «vanleg» drift av eit skulekorps, som kan vere strevsamt nok, var der kraft og kreativitet til å gå nye vegar på fleire område og samstundes klare å halde både eit høgt aktivitetsnivå og eit godt musikalsk nivå.

Men barnetalet på øya gjekk nedover etter tusenårsskiftet, og skulen vart lagt ned i 2008. Såleis opphøyrde den daglege drifta med faste øvingar og fast dirigent i 2006. Men korpset har halde det gåande med hovudsakleg vaksne musikantar og stiller opp i jula, 17. mai og ved andre aktuelle tilstellingar. Dirigent i slike høve har vore Helge V. Nordstrand.

Korpset har no omkring femten medlemar. Med sikte på ein forseinka 50-års jubileumskonsert, er det planen å ha jamne øvingar framover våren 2019.


Kommentarer

Fjørtoft skulekorps — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>