Tanken om å byte ut det gamle kapellet med ei ny og større kyrkje hadde truleg rådd grunnen lenge. Kapellet var fleire hundre år gammalt og det måtte ofte reparasjonar til. Dessutan var det lite; på det meste kunne eit førtital menneske få plass, og då sat og stod dei heilt fram til sakristiet.

Utigjennom 1850–60-åra vart oppsitjarane på Fjørtofta, Uksnøya og Myklebust oppmoda av prost og biskop når dei var på visitas om å bygge ei ny kyrkje. Men folket her hadde bore tunge utlegg med bygginga av den nye kyrkja på Austnes, så dei fann det urimeleg å skulle bygge ei ny kyrkje åleine. Det einaste var om Fjørtoft kunne bli utskilt som eige sokn og få dei inntektene som oppsitjarane her ytte til kyrkja. Berre på Flem fann dei å kunne støtte kravet den gongen, men fleirtalet var imot. Likeins vart det avslag på kravet om å få utløysing for innsatsen med bygginga av nye Haram kyrkje.

Etter kvart vann dei likevel gehør for sine argument. Sokneprest Ole Barman la alltid inn eit godt ord for soknet på sine reiser i embets medfør og kunne såleis påverke dei som bestemte. Etter kvart snudde stemninga slik at folket i Fjørtoft sokn kunne sjå seg syn med å reise ei ny kyrkje.

Med velsigning frå høgare hald vart det selt kyrkjegods for å skaffe pengar til å løyse ut oppsitjarane i Fjørtoft sokn sine partar i Haram kyrkje. Dette skaffa kr. 1.600,- til den nye kyrkja. I tillegg løyvde Stortinget kr. 1.600,-, og sjølv hadde kapellkassa kr. 1.460,- som var samla inn mellom folket gjennom mange år.

Dette var likevel berre ein start. Alle oppsitjarane tok på seg i fellesskap å bere utgiftene ved oppføringa og vedlikehaldet av den nye kyrkja. Dette vart tinglyst som hefte på alle gardsbruk – 45 i talet. Kostnadene vart utlikna på bruka etter skylda, og den samla utlikna summen kom opp i 14.000 kroner i 1892. Attåt kom 120–125 pliktarbeidsdagar pr. mann, så dette var eit svært økonomisk løft for folket. På grunn av heftet fekk dei i mange år heller ikkje lån på eigedomane sine.

Det vart sjølvsagt mange diskusjonar om kvar den nye kyrkja skulle ligge, kor stor ho skulle vere, kva form ho skulle ha osv. Den valde byggenemnda hadde eit stort arbeid med desse og mange andre spørsmål før bygginga kunne starte. Det vart bestemt at kyrkja skulle ligge om lag på same staden som den gamle, mellom anna fordi kyrkjegarden låg der. Dei valde å bygge ei såkalla langskipskyrkje med 200 sitjeplassar.

Grunnmuren skulle oppsetjast av god og høveleg gråstein. Dette skulle gjerast på dugnad av oppsitjarane, og likeins utgraving og drenering av tomta. Murane skulle vere ferdig oppmura og godkjend av byggmeisteren innan utgangen av mai månad 1878, då bygginga skulle ta til. Men murane var ferdige lenge før, så trearbeidet kunne starte alt i april.

Med hjelp av ein fin vår og sommar stod så den nye kyrkja klar til bruk i slutten av oktober 1878 og kunne vigslast av prost Josef Jervell 22. november, nesten ein månad før den oppsette fristen. Jervell kom i staden for biskop Peter Birkeland, som hadde meldt sjukdomsforfall.

Formannen i byggenemnda for kyrkja var Karl O. Fjørtoft d.e., som også var kyrkjeverje i åra 1864–1916. Han var den leiande krafta i byggearbeidet, og kyrkjelyden har heidra han for innsatsen ved å henge opp bilete av han i kyrkja.

Frå først av var det seks gudstenester i året i den nye kyrkja, frå 1884 auka til åtte. I 1914 vart Fjørtoft kapelldistrikt ved kongeleg resolusjon gjort til eige sokn. Dette var viktig og innebar mellom anna at Fjørtoft kyrkje fekk ein del av fisketienda. Som soknekyrkje vart også talet på gudstenester auka til tolv i året.

Fjørtoftskyrkja tok tidleg i bruk Blix-salmane, salmar på nynorsk som Elias Blix gav ut i ei eiga salmebok i 1892. På midfastesundag (4. søndag i faste) 1899 song kyrkjelyden or denne boka for første gong: «Med Jesus vil eg fara», «Gud signe vårt dyre fedreland» og endå fleire. Dei tok òg tidleg i bruk nynorsk liturgi, og i 1911 hadde Fjørtoft sokn full nynorsk gudsteneste. Nynorsk salmebok, som kom ut i 1925, vart teken i bruk frå 1. januar 1927.

Mange har gitt gåver til kyrkja. Til vigsla fekk ho dei to lysestakane som står på altaret, gitt av Lars R. Myklebust. Ola Uksnøy gav det første orgelet i 1912 – kjøpt hjå Cappelen i Oslo til ein kostnad av kr. 700,- med frakt. Den første altartavla var gitt av amtsskulestyrar Ole Hansen, og lysarrangementet i koret var det fiskeriinspektør Knudt Otterlei som kosta. Lysekruna er ei gåve frå brørne Knudt, Ragnvald, Nils og Ole Otterlei og Johan K. Fuglevik.

Det gamle orgelet i kyrkja på Austnes vart installert i Fjørtoft-kyrkja i 1917. Det var eit nokså stort instrument, og plassering på galleriet ville krevje ei stor og kostbar ombygging. Orgelet vart difor plassert framme på høgre side av skipet, om lag der som rekkverket står i dag.

AltertavleI 1939 fekk Fjørtoft kyrkje ny altartavle, måla av kunstmålar Jonas Peson. Til 75-årsjubiléet i 1953 vart kyrkja måla innvendig og utvendig. Kunstmålar Peson stod føre dette arbeidet, og han måla sjølv symbola på preikestolen og altartavla. Vidare vart det elektriske anlegget frå 1928 omlagt og nye lampettar og lampar montert tilliks med elektrisk varmeanlegg. Til slutt vart det felt inn antikkglas i alle vindauge og glasmålarstykke i dei to fremste.

«Som kyrkja stod ved 75-årsjubiléet, var ho eit vakkert vitnemål om varm kjærleik og offerhug frå kyrkjelyden si side», skriv sokneprest Peter Hove.

Nokre få år seinare var fornyinga komplett: det gamle orgelet vart skifta ut med eit nytt, stort pipeorgel. Det var Vestre Orgelfabrikk på Haramsøya som leverte orgelet, og det heldt «den vanlege høge standard i tonekvalitet som særmerkjer kyrkjeorgela frå dette firmaet.» Det vart vigsla og teke i bruk 2. juledag 1956.

Men mykje arbeid har vore gjort på kyrkja etter den tid. Ein steinmur rundt gravplassen og heile kyrkja vart sett opp i 1968. Dei utvendige dørene vart skifta midt på 1970-talet. Først på 80-talet kom det for dagen store ròtskadar på kyrkja. Dette vart rapportert til kommunen, men løyvingar til utbetring kom ikkje før Haramsnytt slo stort opp at Fjørtoftkyrkja var i ferd med å rotne ned. Skadane var så omfattande at det i ein periode var ringeforbod med klokka fordi tårnet var svekka av ròte.

Frå 1985 til 1989 vart det så utført eit stort renovasjonsarbeid på kyrkja. Taket vart lagt om, ny bordkledning kom på, og vindauga på sørveggen vart skifta. Ei eiga nemnd med Palmar Fjørtoft som leiar, Jørgen Kjerstad frå teknisk etat og representantar frå soknerådet stod føre renoveringsarbeidet. Riksantikvaren var med og rettleidde.

Denne tida vart også bårehuset sett opp. Ein byggekomité med Liv Longva Nilsen i spissen og Sigurd Landsverk frå teknisk etat som byggeleiar stod føre, medan arbeidet vart utført av firma Elias Ramsvik frå Vatne. Huset stod ferdig i 1989. Ein god parkeringsplass vart også opparbeidd i denne aktive og krevjande perioden for Fjørtoftkyrkja.

Fjørtoft kyrkje(Til 100-årsjubileet for kyrkja i 1978 vart det laga eit hefte som fortel detaljert om alle sider av historia til Fjørtoft kyrkje. Det skal vere fleire eksemplar igjen, og i alle høve finst det på biblioteket.)

Ny informasjon, bilete og kommentarar er velkomne.


Kommentarer

Fjørtoft kyrkje — 5 kommentarer

  1. Retting: Bårehuset vart vigsla 13.august 1989.

    Om kyrkja elles : Dei utvendige dørene vart skifta midt på 70-talet. Først på 80-talet kom det for dagen store råteskadar på kyrkja. Dette vart rapportert til kommunen, men utløyste ikkje løyvingar til utbetring. Det skjedde ikkje før Haramsnytt (v/Knut Flem) slo stort opp at Fjørtoftkyrkja var i ferd med å råtne ned. Skadane var så omfattande at det i ein periode vart innført ringeforbod fordi berande fundament for tårnet var angripe av rote. Frå 1985/86 til 1988/89 vart det utført eit stort renovasjonsarbeid på kyrkja. Taket vart lagt om, det vart lagt ny bordkledning og vindua på sørveggen vart skifta. Riksantikvaren var inne i bildet med uttalar/ rettleiing om renoveringsarbeidet. Det var vald ei eiga reparasjonsnemnd med Palmar Fjørtoft som leiar og Jørgen Kjerstad (teknisk etat) som byggeleiar. I nemnda var det også representantar frå soknerådet. Bårehuset hadde eigen byggekomite med Liv Longva Nilsen som leiar og Sigurd Landsverk (teknisk etat) som byggeleiar. Arbeidet vart utført av byggefirmaet Elias Ramsvik frå Vatne. I løpet av denne aktive og krevjande perioden for Fjørtoft-kyrkja vart det også laga ein god parkeingsplass ved kyrkja.

    • Her var det mange nye opplysningar som bør med i historia om kyrkja. Takk for dei.
      At underteikna skreiv om kyrkjetilstanden i Haramsnytt er faktisk heilt utviska.

    • Historia om Fjørtoft kyrkje er justert med grunnlag i dette innspelet (pluss eit tillegg om innføring av nynorsk).

      I eit stykke historie er det nesten alltid feil og manglar, men ved hjelp av innspel frå folk som veit, kan historia forbetrast og feila og manglane reduserast. Difor er slike innspel svært nyttige og svært velkomne. Dei hevar kvaliteten på den ferdige bygdeboka til glede for oss alle.

      Såleis oppmodar eg alle om å «melde seg på» og bidra både med opplysningar som heilt sikkert finst der ute, og elles med synspunkt eller andre innspel.
      (Dette gjeld sjølvsagt all fjørtoftshistorie, ikkje kyrkja spesielt.)

  2. Eg har ein kommentar til dette med lysestakane. Du må gjerne ta deg ein tur og sjå sjølv, men dei lysestakane som står på alteret, har ikkje denne inngraveringa. Det har derimot to sølvstakar som står ved kordøra i dag. Om desse stod på alteret då nykyrkja vart innvigd, veit eg ikkje, men eg tvilar på det sidan dei nye som skulle erstatte dei gamle, var laga av messing. I det gamle kapellet var det to messingstakar. Det har blitt meg fortalt at dei nye skulle vere ein kopi av dei gamle stakane. Desse vart ikkje flytta over i nykyrkja, men selde. Det har blitt sagt at dei var litt defekte. I 2015 fekk kyrkja tilbake den eine av desse stakane som i 137 år hadde stått i gamle Nilsgarden på Fjørtofta. Å seie at dei nye er ein kopi av dei gamle, er nok å strekke det vel langt, men dei er begge laga av messing. Palmar visste nok ikkje at den gamle staken eksisterte då 100-årsheftet vart skrive, og eg visste det ikkje før staken dukka opp. Sjå i årboka for HKL 2016. Der skriv eg om dette og det gamle kapellet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>