Folket på kysten av Sunnmøre og landet elles var ved førre hundreårsskiftet fiskarbønder, som dei hadde vore i fleire hundre år. Det som havet kunne gi av mat og inntekt var svært viktig, og med sin nærleik til desse ressursane var då også øyane ein attraktiv buplass. Folk gjorde seg nytte av alle fiskeslag som var å få ute på fiskemarka, men torsk og sild har stått i ei særstilling.

Torskefiske
Torsken er den fisken som gjennom tidene har kasta mest av seg for folk på sunnmørskysten, med silda på ein god andreplass. Kor viktig ein økonomisk faktor fiskeria utanfor Nordøyane var, fortel tilstrøyminga av folk og båtlag frå fjordbygdene mykje om. Særleg var det torskefisket som kunne gi gode inntekter når det slo til, og sjølv om mengda kunne variere år om anna, har torsken alltid vore av stor betydning.

I «Søndmørs Beskrivelse» seier Hans Strøm om verdien av torskefisket:
«Vaarfiskeriet er hos oss af allerstørste Betydenhed og fortiener at kaldes Landets bedste Nærings-Middel, hvorved mange Tønder Guld ere indbragte…»

Torskefisket i februar-mars ute på landméen (havområdet utanfor øyane) var det viktigaste sesongfisket. Frå gammalt av starta torskefisket 2. februar (kyndelsmess) og varte til 25. mars (marimess). Karane drog ut tidleg om morgonen for å drage garna som var sett dagen før og kom inn i Nordgardsvika om kvelden. Då var det å bere fangsten fram i naustet, noko både kvinner og born var med på.

Otterleiingane gjekk òg inn i Nordgardsvika når det var sørvest eller vestavind, og dei hadde utfar (ankerplass) der som dei brukte når vêret tilsa det. Fisken måtte dei frakte den lange vegen heim til naustet der han skulle flekkjast og saltast. Dei rodde fisken i land i Sørgard-støene og lånte hest og «køyregreier» (slede eller vogn) oppi gardane. Båtane hadde kvart sitt faste tun å låne hest med; til dømes var Dirik-karane faste kundar i Berngarden.

Grytidleg dagen etter reiste mennene ut på nytt, og det var kvinnfolka sin jobb å stelle fisken i naustet – sløye, flekkje og salte fisken som skulle bli til klippfisk. Saltinga av den flekte torsken måtte gjerast rett for å få god klippfisk, og derfor hadde kårmannen den jobben, om han var arbeidsfør. Rogna vart salta i tynner. Levra leverte dei til eit trandamperi i nærleiken.

Fram til midten av 1920-talet hadde båtane herifrå fiska torsken i heimlege farvatn for det meste, men no vart det jamt dårleg torskeinnsig på kysten her i mange år utetter. Imidlertid var det rikt torskefiske i Lofoten, og i 1925 drog fire fjørtoftsbåtar dit. Året etter bar det til Lofoten med fleirtalet av Fjørtoft- og Otterlei-båtane.

Dei første åra leigde dei fleste salteplass i land eller leigde skuter, to båtar i lag, og salta fisken om bord i skutene. Saltfisken vart gjerne seld i Kristiansund eller Ålesund, medan ein og annan tok han med seg og tørka han heime.

Lofotfisket heldt fram til uti 1950-åra, men det tok til å minke med torsk der òg. No var båtane monaleg større og motorane merkbart kraftigare enn 40–50 år tidlegare, og mange søkte seg til Finnmarkskysten etter torsken om våren i åra framover. Fleire av dei litt større båtane gjekk også til Grønland og Island for å fiske torsk og sild når vintersesongen her heime var slutt.

Etter kvart som torskemengda på kysten her minka og båtane vaks, gjekk dei stadig lenger etter fisken. No reiser dei dit han er å finne, og i 2017 landa norske fiskarar i alt 412.400 tonn torsk til ein førstehandsverdi av 6,7 milliardar kroner.

Sildefisket
Etter torsken er det silda som har hatt størst betydning og verdi for øyfolket. Sild har vore fiska til alle tider på kysten – først som matauk og seinare, etter at dei lærte å salte og sidan ise henne, også som handelsvare.

Sildefisket gjekk føre seg både innaskjers og utaskjers. Ofte gjekk silda inn i fjordane og var då lett å få tak i. Der vart det brukt både not og drivgarn. Men utom land sette dei garna om kvelden og gjekk til lands for så å drage om morgonen. Etter kvart som båtar med dekk kom i bruk på 1890-talet, tok dei også til å bruke drivgarn ute på havet.

Første freistnaden med drivgarn utaskjers gjorde Njord, dekksbåten i Ivagarden med Iver J. Fjørtoft som skipper. Resten av mannskapet var Bernt O. og Andreas M. Fjørtoft, og unggutane Johan K. og Martinus J.K. Fjørtoft. Første natta fekk dei berre to tynner, men neste gong var garna fulle av sild, og då dei kom til lands om morgonen vekte det stor åtgaum. No vart det «full mobilisering» for dei fleste dekksbåtane, og mange fekk bra med sild dei komande nettene.

Silda var nokså ustadig og ikkje alltid å lite på. Somme år kom ho i store mengder heilt inn i fjøresteinane og fylte opp fjordane, medan ho andre år kunne halde seg langt ute på havet. Likevel har fisket etter sild på kysten her vore eitt av dei viktigaste fiskeria fram til 1960-talet. Men det var alltid eit sjansespel for fiskarane å koste seg vegn og anna utstyr i von om at silda ville kome.

Utetter 1920- og 1930-åra var det mange gode sildeår, noko som kom godt med sidan torskefisket var heller skralt desse åra. Men prisen på silda varierte mykje; det var «kjøpars marknad», og når det var godt fiske, gjekk prisen ned. Dette betra seg monaleg frå 1927 då Storsildlaget for Møre og Trøndelag vart oppretta og fekk regulere prisane, og sildefisket gav jamt bra inntekter i åra som kom.

Også etter 2. verdskrigen var det gode sildeår, ikkje minst 1950-åra, då store mengder sild kom heilt innunder land. Godt vaksne folk hugsar enno dei Klondyke-aktige sildeåra på 1950-talet då silda kom i svære mengder inn til kysten og fiskarane fylte opp båtane tett utfor land. Frå bergknausane ut mot havet kunne ein sjå fiskeflåten i aktivitet. Når det var mørkt om kvelden glitra det frå tusenvis av lys; det såg ut som ein storby der ute på sjøen. På det meste var det minst tusen båtar ute på havet.

Sildefisket desse storåra vart også ein del av turistnæringa. Turistbyrå og reiselivslag organiserte «sildesafari» med båt, turistturar for folk som ville ut på feltet og få med seg sildeeventyret. Det vart laga turistreiser mellom anna frå Mjøs-byane. Og hundrevis av skuleelevar kom med lærarane sine, ikkje berre frå næraste distrikt, men også frå innlandet og Austlandet. Mange turar vart gjort av rutebåtar som vart hyrt inn til denne turisttrafikken.

Toppåret var 1956 med 12,3 millionar hl oppfiska sild. Det var nok snurparane som fiska mest, men på Fjørtofta var det berre garnbåtar. Etter nokre år med eventyrlege fangstar og gode fortenester, minka det frå 1958 sterkt på sildemengda, og ut i 1960-åra vart det slutt med drivgarnsfisket etter vintersild her på kysten.

Omkring 1970 hadde fiskarane «tømt havet», både langs norskekysten og ved Island, der nordmenn hadde fiska sild sidan førre hundreårsskifte. Med strenge reguleringar av fisket, har sildestammane sakte men sikkert bygd seg oppatt. I 2017 var såleis kvoten av norsk vårgytande sild for norske fiskarar 432.870 tonn (ca. 4,7 mill. hl).

Bankfisket
Tomas Longva (frå Fjørtofta, gift til Longva) fått æra av å ha oppdaga dei rike forekomstane av fisk ute på eggakanten i 1630-åra. I dei fire hundreåra etterpå har Storegga vore ei kjelde til matauk og inntekt og «sikringskost» når andre fiske slo feil. Det var først og fremst kveite, longe og brosme som vart fiska der.

I tidlegare tider var det berre om sommaren og i godt vêr eggafisket kunne drivast. Fiskeplassane var langt til havs, og fram til rundt 1890 hadde dei berre opne båtar. Etter kvart kom det dekk på fiskebåtane, men sidan det var ulagleg å drage lina opp på dekk, brukte dei små robåtar (doryar) til å sette og drage lina frå.

Dei ulike fiskeplassane på Egga fekk etter kvart namn og méd. Fjørtoftneset, til dømes, som har vore mykje brukt, hadde médet Tinden åt søre kanten av Bergsnakken, om lag 40 kvartmil av. Fjellformasjonane og namna på dei var viktig å kjenne. Så langt ute i havet var det imidlertid berre så vidt ein såg land, og i dårleg sikt vart det vanskeleg å navigere.

Vestover
Med større båtar og pålitelege motorar vart eggafisket som ein leik i forhold til åttringsdrifta i tidlegare tider. Men den stadig større flåten som fiska på Storegga gjorde fangstane mindre, og frå omkring 1920 tok dei til å prøve andre fiskeplassar. Det første feltet motorbåtane gjekk til var Tampen. Her hadde dampskipa alt fiska godt i mange år, så det måtte kunne gå for dei største motorbåtane òg.

Når no leia var sett vestover, bar det snart lenger, og Shetlands-bankane og Færøy-banken vart dei neste nye plassane. Somme båtar drog òg til Islandsryggen på kveitefiske. Største vansken med dei lange turane var å bevare kvaliteten på fisken. Det gjorde dei ved å kjøle ned fiskebingane i lasterommet med is. Då heldt fisken seg frisk og fin i mange dagar.

Den som for lengst vest, var Nils Davik med fiskedampskipet Norholmen. Alt i 1925 gjekk han til Vest-Grønland på torskefiske. I 1929 kjøpte han Rivjehorn og døypte han om til Koralen. Med den dreiv han kveitefiske på Grønland i 1930-åra med godt utbyte.

Linefisket var hardt arbeid, og det vart mange såre fingrar. Onglane var ikkje akkurat desinfiserte, og det vert fortalt om dei som hadde fullt av svollar på hendene. Ei anna plage var at agnsilda kunne vere full av raudåte, som etter kvart tok huda på fingrane. Ein kunne bli så sårfingra at ein knappast greidde å kle av og på seg. Mangel på søvn – berre nokre få timar i døgnet fleire veker i strekk – røynte òg på.

Anna fiskeri
Attåt torsk og sild var også det jamne fisket etter «stasjonær» fisk som kroppung (taretorsk), hyse, sei og flyndre på fiskemarka utanfor øyane av stor betydning.

Sommar og haust brukte dei søkkenot på fjorden etter sei. Oftast var fire tun i lag om ei not, for dette fisket kravde fire båtar og mykje folk. Såleis kunne det hende at også jenter var med. Heile nota vart søkkt ned på botnen (derav namnet), og når dei såg eller trudde at der var fisk over nota, var det å drage opp fortast mogleg.

Flyndrefisket fekk ein oppsving då Martinus J.K. Fjørtoft tok til å bruke snurrevad («småtrål») etter flyndra i 1906. Første dag han brukte nota i fjørtoftssøylene fekk han 3.000 kg. Straks følgde andre etter, og to år seinare dreiv om lag alle båtane på Fjørtofta dette fisket.

rundfisknota kom til omkring 1920 kunne dei bruke snurrevadet til å fiske småtorsk og hyse i tillegg til flyndra. Dette fisket auka utetter 1920-åra fram mot siste verdskrigen og vart meir og meir eit hovudfiske fordi det gav større netto enn fiske med dyrare reiskapar. Mykje hyse vart eksportert til England, der «Mørehysa» var eit kvalitetsstempel.

Vanleg trål med skovlar («dører») kom i bruk på tidleg 1930-tal, og med denne vegna vart det fiska både torsk og andre fiskeslag. Også her var Martinus J.K. Fjørtoft tidleg ute, med første trålfangsten på Buagrunnen i 1931.

Endringar
Ein god del av linebåtane på øyane la om til trålfiske i 1950-åra. Mange båtar dreiv ferskfisktråling ved kysten av Finnmark, og dei som var med herifrå den tida var Broegg, Brustind, Radin, Siglaos, Stratos, Termon og Tuften. Sistnemnde brukte snurrevad. Ein finnmarkstur varde gjerne i tre månader, og dei fleste båtane herifrå hadde base i Båtsfjord. På ein landlegedag trefte ein såleis fjørtoftingar over alt.

Fjørtoftfiskarane kunne trål, og mange vart trålbasar på «framande» båtar. Dei vart også hyra til reketråling på 1970-talet, og ikkje mindre enn 35 fjørtoftingar var på rekefiske denne perioden. Men det skjedde også store endringar i fiskeria denne tida og talet på lokale fiskebåtar minka utover. Dei to siste som gav seg på Fjørtofta var Broegg i 2006 og Brodd i 2007.

Fiskeria vart i langt større grad basert på havfiske på fjerne farvatn. Mange fiskarar tok seg arbeid på land og færre unge gutar begynte på sjøen. Fiskebåtane som vart att var anten småbåtar som dreiv fiske i nærområdet, eller store, havgåande båtar som kunne fiske på på alle hav.

Kommentarar, bilete, nye opplysningar er velkomne.


Kommentarer

Fisket — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>