Til alle tider har fisken i havet vore svært viktig for folket her ute på Nordøyane. Fisken har gitt mat på bordet og skaffa inntekter til å betale skatten og pengar til å investere både i båt og gard når det var gode år.

Heilt fram til midten av 1900-talet var fiskarbonden ei viktig «yrkesgruppe» på øyane. Han var altså både fiskar og bonde – dreiv sjøen vinterstida og garden i ledige stunder sommarhalvåret. Men det var ofte kvinnene som hadde mest arbeid og største ansvaret med gardsdrifta ettersom mennene gjerne la mest vekt på sjødrifta.

Sidan sjøen og fisket har hatt så stor betydning for folket her, vil det bli ein fyldig bolk om dette i den generelle delen av bygdeboka. For oversikta sin del vert emnet fiskeri delt i fleire delar som «Fisket», «Fiskebåtar», Fiskeleiting», «Havet gav og tok» o.fl. Dei vil etter kvart bli å finne på menyen til høgre.

Kommentarar, informasjon og gode bilete er velkomne.

 


Kommentarer

Fiskeri — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>