Snøre
Djupsokn eller djupsagn var namnet som vart brukt på det det vanlege fiskesnøret. Det var ein krok med agn på og eit søkke. Juksa, som er det vanlege ordet i dag for fiske med snøre, er truleg avleidd frå djupsagn.

Ein annan snøretype var krokvad, og seinare kom slektingen rykken i bruk. Prinsippet for begge var å knyte saman fleire krokar med eit lokkemiddel festa ovanfor. Ved å rykke hardt i snøret, kunne onglane gå inn i kroppen på fisken så han vart fast. Det var ikkje alle som likte denne fiskemåten, og i eit avisinnlegg vart det karakterisert som «et barbarisk mordvåpen i et civiliseret land».

Line
Lina kom i vanleg bruk frå rundt 1850 på våre kantar og vart særleg nytta i fisket etter lange, brosme og kveite, ikkje minst ute på Storegga. Å fiske med snøre på så store djup var hardt fysisk arbeid, og lina gjorde fisket både lettare og meir effektivt. Dei slapp å hale så mykje med handemakt fordi lina ofte fløytte seg av fisken.

Det knallharde linefisket stod i fare for å bli utfasa på 1960-talet då to fiskarar kom med idéen til maskiner som både kunne henge kroken på magasin og egne lina etter kvart som den gjekk ut. På midten av 1970-talet var så autolina ferdig utvikla og førte til ein revolusjon av linefisket. Det er no automatisert på dei fleste linebåtar og har redusert såre og verkande fingrar til eit minimum.

Garn
Alt på slutten av 1600-talet var garn i bruk i torskefisket, og er det framleis. Men garn var dyrt å kjøpe, så dei fleste spann tråd av hamp og knytte torskegarna sjølv. Seinare vart det ferdig fabrikktråd å få kjøpt, og frå omkring 1900 kom bomullsgarna i bruk. For å spare pengar batt mange framleis garna sjølve langt ut på 1900-talet.

For at garnet skulle «stå» i sjøen, vart det montert kavlar i toppen og søkke i botnen. Kavlane var av tre og måtte stadig skiftast sidan dei vart vassdrukne. Betre vart det med glaskuler som kom i bruk frå 1870-talet.

Hamp- og bomullsgarna måtte på land og tørkast med jamne mellomrom, slik at båtlaga måtte ha to sett. Etter at det kom garn av nylon og andre kunststoff, slapp dei tørkinga. Med dei nye stoffa vart garna større, og talet på garn i kvart bruk auka.

Snurrevad og trål
Snurrevadet og trålen er i slekt. I prinsippet er det ein stor pose som vert dregen gjennom sjøen for å fange fisk. Det var visstnok danskane som først tok snurrevadet i bruk til å fiske flyndre med. Nota vart hala inn med handemakt og var ein slitsam jobb. Etter at det kom motorar i båtane fekk dei spel som drog inn nota.

Snurrevadet kom i bruk i Noreg rundt 1900, og på våre kantar var det fjørtoftingane som var først ute. Som i Danmark var det flyndrefiske snurrevadet vart brukt til den første tida. Fiskeplassane var alle søylene utaskjers, men også Rogneleira og Longvafjorden.

Den som først tok til med flyndrefiske med snurrevad i Haram, var Martinus J.K. Fjørtoft i 1906. Første dag han brukte nota i fjørtoftssøylene fekk han 3.000 kg. Den neste på Fjørtofta var Jonas P. Fjørtoft i 1908, og eit par år seinare hadde om lag alle fjørtoftsbåtane denne nye vegna. Flyndra var det jamt god pris på, og mykje vart eksportert til England.

Etter at rundfisknota kom på 1920-talet, skaffa alle båtane på øyane seg snurrevad. Med den fiska dei no også etter hyse og småtorsk i søylekanten på 25–30 famner vatn, og dette fisket fekk eit stort oppsving med denne vegna. Somme tok òg ut på langferd til Finnmark med rundfisknot, mellom andre Fjørtofts-båtane Husland og Lun.

Vanleg trål med skovlar («dører») var forbode på norsk sjøterritorium, og sjølv utanfor grensa måtte norske fiskarar ha konsesjon for å fiske med trål. Martinus J.K. Fjørtoft var i 1930 i Sverige og Danmark med fiskarstipend. Han studerte korleis dei dreiv trålfiske der og søkte då han kom heim om konsesjon for prøvefiske med trål. Søknaden vart innvilga, og i 1931 fekk han konsesjon til båten sin, Husland på 42 fot. Med den gjekk han til Sverige og fekk sett inn vinsj og kjøpte nøter. Alt fungerte frå første stund, og då han kom frå Buagrunnen til Ålesund med 6.000 kg fisk, vekte det oppsikt.

Like etter kom det ei endring i trålarlova slik at båtar opp til 50 bruttotonn kunne få løyve. Dette nytta Johan G. og Ingvald K. Fjørtoft seg av straks og fekk konsesjon i 1932. Gjert Fjørtoft fekk konsesjon i 1934, og Harald L., Johan J. og Edvin M. Otterlei i 1935.

Trålen blir brukt i fiske etter torsk, hyse og andre fiskeslag, og til rekefiske. På 1950-talet byrja linebåtane frå Nordøyane å legge om frå line til trål. Mange av båtane herifrå dreiv sidan ferskfisktråling ved kysten av Finnmark.

Trål har vore og er framleis ein viktig reiskap i fiskeria. Det er effektivt og kan fange mykje fisk på kort tid. Det første fabrikkskipet i Noreg, F/T «Longva», var ein av dei første til å bruke hekktrål, som seinare har blitt det vanlege. Tidlegare vart nota sett ut og hala inn på sida av båten.

Fjørtofta vart «trålhovudstaden» i andre halvdelen av 1900-talet, og i 1974 var det 14 trålkonsesjonar på øya. Dessutan var det fleire fjørtoftingar som var trålbasar på «framande» båtar og på reketrålarar på 1970-talet.

Snurpenot
Snurpenota vart først brukt til å fange sei på våre kantar. Utover i 1880-åra var her stort innsig av storsei, og mange stader vart det difor skaffa snurpenøter, eller posenøter, som dei òg vart kalla. Både Nøre og Søre Fjørtoft og Otterlei kosta seg kvar si not rundt 1885. Kvart tun hadde ein part i nota, men både tenestegutar og handelsmenn var ofte medeigarar. Nota vart rodd ut av to båtar i ein sirkel og snurpa saman med handemakt.

Dei første som prøvde seg med snurpenot etter sild på desse kantar, var tre Longva-karar som gjekk saman og kosta ei snurpenot med notbåtar og stengenot i 1910. Nota brukte dei med bra resultat i Trøndelag og på Helgeland. Seinare vart snurpenot mykje brukt, ikkje minst i dei gode sildeåra på 1950-talet, då snurparar førte på land store mengder av «havets sølv». På Fjørtofta var det berre drivgarnsbåtar, ingen snurpar.

På 1950-talet vart det prøvt med dekkssnurpe – ei not som vart både kasta og hala inn frå storbåten, utan bruk av notbåtar. Dette var forløparen til ringnota, som saman med kraftblokka som til å revolusjonere særleg sildefisket frå 1960-åra. Med dette utstyret treng ein ikkje lenger notbåtar og kan drive fiske etter sild og andre stimfiskar langt til havs.

(Tek gjerne imot kommentarar, bilete, nye opplysningar.)


Kommentarer

Fiskereiskap — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>