Aud Marit Davik starta med omreisande fiskehandel frå Fjørtofta i 1983. Bakgrunnen var at mannen, Arvid Davik, hadde fiskebåten Lyrodd, som han dreiv fiske med i nærområdet. Ofte vart det små fangstar, og med lang veg til fiskekjøpar på 1980-talet, gjekk det relativt mykje tid og pengar til transport. Ved å selje fisk og fiskeprodukt direkte til kundar kunne det bli betre lønsemd.

Aud oppretta firmaet Fisk–A M Davik og søkte og fekk omførselsløyve i Haram og Skodje kommunar. Så fekk ho leige to rom i Vågholmbuda som ho pussa opp, kjøpte inn kjølerom og vekt, og sette inn nødvendige bord til å stelle fisken på. Her vart fangsten frå Lyrodd til filet og torskeskiver, både lettsalta og fersk isa. Heil fisk var òg med i utvalet. Fersk makrell vart i sommarsesongen selt same dag som Arvid kom inn tidleg om morgonen med fangsten. Makrellen vart lagt i kasse og isa.

Den første fiskebilen var ein Hanomag kassebil. Aud og Arvid kledde veggane i lasterommet tett, laga ein binge med sluk i botn, og monterte ein tank under bilen som tok imot isvatnet frå fiskekassene. Idéen til innreiinga fann dei i eit hefte frå den tida då fiskebil var meir vanleg. Opplegget vart godkjent av mattilsynet.

I 1988 kjøpte Aud ein Ford Transit med høgt tak, og bingane frå gamlebilen vart flytta over dit. No fekk «butikkdama» stå beint og selje fisken. Neste steg i utviklinga var å innreie eit fiskematkjøken i eit tilbygg til bustaden. Naudsynt kjøkenutstyr og ei ismaskin vart innkjøpt. Finansiering var lån frå Fiskeomsetningsfondet, Haram Næringsfond, DU og Sparebanken. Haram Næringsfond gav også eit tilskot.

Her laga Aud fiskekaker, fiskeball og blandaball etter svigermor sine oppskrifter. Etter ønskje frå kundar la ho sidan om til å lage maten glutenfri. Frå 1988 vart det under krabbesesongen august–oktober kokt krabbe i det nye kjøkenet. Krabben vart lagt på is i kasser og frakta til Skodje sentrum ved kjøpesenteret torsdagar og til Vatneeidet ved bensinstasjonen på fredagar. Både krabbedagane og rutene elles vart ofte annonsert i Haramsnytt og Sunnmørsposten.

For å styrke omsetninga, vart ein fryseboks sett inn i bilen. Dermed kunne bilen også tilby frosen filet. Aud fekk kjøpt fin filet av linefisk, og denne var godt likt av kundane. I periodar med dårleg sjøver vart det ofte for lite ferskfisk til fiskebilen.

Dagane måndag, onsdag og fredag var arbeidet å førebu seg til køyredagane. Faste salsdagar var tysdag i Haram med faste stopp i Brattvåg, Vatne og Eidsvik kvar veke. Dei andre bygdene på Haram fastland vart køyrt 4. kvar veke etter fast rute. Torsdagane gjekk turen til Skodje kommune. Der òg var det køyrt rute i bygdene med fire vekers mellomrom, og fast plass i Skodje sentrum kvar veke.

Siste ruta med fiskebilen vart køyrt like før jul i 1994. Arbeidet var tungt og kaldt og det vart sjukmelding. Aud bestemte seg då for å avslutte drifta og avvikle firmaet. Bil og utstyr selde ho i april 1995 til ei ung kvinne i Sogn som ville starte opp med fiskebil på heimstaden. Kjølerommet som stod att etter firmaet vart gitt til samfunnshuset Varden.


Kommentarer

Fiskebilen — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>