Fiske har vore ein viktig del av levevegen på øyane som langs kysten elles. Dei fleste gardane hadde fleire båtar – mindre til fiske i nærområdet og større til havfiske. To eller fleire bønder gjekk gjerne saman om ein storbåt. På høvelege ankerplassar rundt øya låg det ei mengd fiskebåtar i ulike storleikar heilt fram til ut i 1960-åra.

Til fisket ute på havet – i torskefisket om vinteren og på Storegga om sommaren – vart åttringen brukt, men på anna fiske nærare land vart det helst brukt mindre båtar. Åttringen måtte ha sju-åtte mann i full drift, medan mindre båtar greidde seg med færre.

Åttringen var ein fleksibel båt som like godt kunne roast som seglast. Han kunne vere opptil tolv meter lang, hadde fem årepar og til vanleg berre éi mast og eitt segl med ei kort rå (stong) i toppen som vart heist opp i masta. Båten var smidig og «levde» i sjøen, vart det sagt, og kollsigling hende svært sjeldan.

Åttringen går ut
Rundt 1870 kom ein ny storbåt på sjøen som vart kalla møringsbåt eller berre møring. Denne var breiare og høgare og stakk djupare i sjøen enn åttringen. Den kunne såleis laste meir fisk og fekk også meir fart med to mastrer og større seglføring.

Fiskarane såg fort at møringen var åttringen overlegen og meir effektiv som fiskebåt. I åra som følgde gjekk stadig fleire på våre kantar over til den nye båttypen. Den første møringen som kom på Fjørtofta var det Einar O. Fjørtoft saman med Ole Elias og Lars E. Fjørtoft som fekk bygt i Bjørkedalen i 1877.

Fleire følgde etter og gjekk over til den nye båten. Somme bygde også om og rigga om åttringane sine til «møringshybridar». Det gjekk gjerne ut på å setje på ein ekstra bordgang og kanskje skandekk eller vaterbord (liggande bord på innsida av ripa), ei master nummer to og seglføring à la møring. På slutten av 1890-talet var det så å seie berre møringar å sjå på Nordøyane – åttringen si tid var snart forbi.

Dekksbåtar
I 1861 kom to svenske skøyter frå fiske på Storegga inn til Ålesund og leverte fisken der. Dette var relativt store båtar med dekk og lugar. Alle såg at desse skøytene hadde fordelar framfor den opne åttringen, og tanken om dekka fiskebåtar var sådd. Å skaffe seg så dyre båtar stod ikkje i øyingane si økonomiske makt, og det var først etter at dei tok til å legge dekk i dei vanlege opne båtane at utviklinga på dette området skaut fart.

Båtane vart gjerne også oppripa – høgda med ein halv eller heil ekstra bordgang. Frå 1892 var det fleire som la dekk på oppripa trerøringar på Fjørtofta, og somme kosta nye trerøring dekksbåtar. Martinus R. Davik saman med Ludvik R. Fjørtoft la dekk på ein firrøring.

Men desse båtane var litt for små, viste det seg, og større dekksbåtar kom til etter kvart. Alt i 1892 fekk Knut R. Fjørtoft bygt ein dekksbåt på 38 fot. Den hadde lugar framme og styrerom bak. Knut J. Fjørtoft la dekk i åttringen Njord i 1895, og Ole K. og Kristoffer Fjørtoft gjorde det same med sin åttring.

Smådekkarane hadde luker i dekket og tofter i lukeromma å sitje på både når dei måtte ro i stilt vêr og når dei fiska. I høveleg vind var det segla som dreiv båten fram, og då vart lukene lagde på. Dekksbåtane kom fort i vanleg bruk på Nordøyane fordi dei jamt over satsa på små, lettbygde båtar og la dekk på eksisterande båtar.

Overgangen frå opne båtar til dekksbåtar var stort sett fullført ved hundreårsskiftet. Mange hadde då skaffa seg heilt nye dekksbåtar. Med betre båtar kunne dei gå lenger ut i havet, dei tolde dårlegare ver og kunne ligge lenger på fiskeplassen før dei måtte til lands igjen. Såleis auka gjerne både fangst og forteneste som gav grunnlag for fleire forbetringar og framsteg.

Utvikling
Utviklinga av fiskebåten heldt fram etter kvart som krava til større, sterkare og meir praktiske båtar auka og betre økonomi gav rom for ei slik utvikling. Båtbyggjar Hammerås på Vestnes skapte ein ny båttype som stod seg som havfiskebåt heilt fram til slutten av 1930-åra. Det var kuttertypen med utoverhengande hekk og loddrett baug.

Alt i 1897 kom første båten at denne typen til Fjørtofta. Det var Fram, 38 fot, klinkerbygd med hekk. Reiarar var Gjert J. (d.e.) og Laurits I. Fjørtoft. Året etter kom to andre nybygg til Fjørtofta og i 1899 ytterlegare tre – alle av same storleik og type som den første.

Med større båtar kom betre fasilitetar for folket, ikkje minst lugar og rorhus. Ved sida av rorhuset kom det egnarhus der fiskarane kunne stå «attonde» med egning av liner og anna arbeid. Småbåten vart flytta opp på galgedekk og frigjorde arbeidsplass på båtdekket.

Større båtar med dekk, motor, garnspel og anna mekanisk utstyr stilte større krav til kapital enn før. Fleire tok til å låne pengar for å finansiere båt og utstyr. Staten hadde i 1889 oppretta eit havfiskefond til å hjelpe fiskeria med kapital. Mange fiskarar herifrå lånte pengar i dette fondet til ny båt i åra mellom 1900 og 1920. Som «trygd» for lånet måtte dei ha kommunal garanti. Særleg siste tiåret av denne bolken var kommunen raus med lånegarantiar, noko som skulle vise seg å bli ei stor økonomisk tyngsle seinare.

Økonomisk nedgang
I perioden 1900 – 1920 var det jamt gode tider i fiskeria, stor optimisme og mykje investeringar i båtar og utstyr. Men frå 1920 svinga det bratt nedover; låna som var opptekne i dei gode tidene vart vanskelege å betale, og mange båtar vart henta av banken. Økonomibobla som var skapt under 1. verdskrigen (1914–1918) sprakk. I 1922 kom «det store bankkrakket». Ikkje mindre enn 120 bankar gjekk over ende dei næraste åra, tre av dei i Ålesund. Haram Sparebank tapte òg mykje pengar, men greidde å ri stormen av.

For å hjelpe fiskerinæringa på fote, vart det sett i verk ein del statlege støttetiltak utover 1930-talet. Mellom anna vart det løyvd pengar til gjeldssanering, og det vart gitt tilskot til bygging av nye fiskebåtar, i tillegg til lån i Fiskarbanken. Alle statslån til kjøp av fiskevegn og båtar i tidsrommet 1932–35 vart strokne, og «dei utferda skuldbreva er gjorde til inkjes», fekk kommunestyret melding om.

Under krigen
Såleis tok næringa seg oppatt fram mot 2. verdskrig, og i dei fem krigsåra var det både godt fiske og gode prisar, så fiskarane tente bra med pengar. Mange båtlån vart nedbetalt denne perioden, og i siste halvdelen av krigen kom det stadig meldingar frå Fiskarbanken til kommunen om innfridde båtlån. Somme la seg også opp pengar, og dermed kunne det skje ei fornying av båtar, vegn og utstyr i åra etterpå.

Men det vart etter kvart stor mangel på alle slags varer under krigen, slik at det vart dårleg med vedlikehald, modernisering og nybygging. Til dette kom krigsskadar, rekvisisjon av båtar frå krigsmakta, båtar som vart stolne av ungdomar som ville til England og båtar som forlét landet i alliert teneste. Såleis fór Siglaos til Shetland og Fiskergutten til England, og okkupasjonsmakta la beslag på fjørtoftsbåtane Fart og Guttorm.

Oppgang og nedgang
Etter krigen kom så ein fornyingsperiode, og på fem år var fiskeflåten bygd oppatt til same storleik i tonnasje som då krigen starta, men med betre, større og meir tidsmessige båtar. I tillegg kom det fleire tekniske hjelpemiddel, meir effektiv fiskevegn og større motorar.

Etterkrigstida vart ei god tid for fiskarane, med auka velstand og bygging av stadig større båtar. Men frå slutten av 1950-talet vart det saktare fart i utviklinga her på øya. Denne tida var det mange som la om frå line til trål. Det gjekk bra lenge, men førte ikkje til så mykje fornying, og i 1980 var der berre 5–6 båtar av nokon storleik att. Stadig fleire fiskarar fann seg arbeid på land, og det vart mindre rekruttering av ungdom. Såleis reiste dei to siste fiskebåtane, Broegg og Brodd, frå Fjørtofta i 2006 og 2007.

Revolusjon
Utviklinga i fiskeria frå 1960-talet og utover var som ein liten revolusjon. Det kom stadig nye og betre tekniske hjelpemiddel på alle område av sjødrifta, nye typar vegn og fiskemetodar, kraftige motorar og store båtar som kan fiske på alle hav i all slags vêr.

Samanliknar vi fiskebåtane i dag (2018) med dei for hundre år sidan, er det som å kome til ei heilt anna verd. Dagens fiskar har eigen lugar og tilgang til alle slags fasilitetar, og dei store havgåande båtane kan nærast liknast med eit flytande hotell. I 1918 var det ein liten lugar med fleire køyer, og ofte måtte to mann dele på éi køy. Do fanst ikkje om bord, ei heller nokon plass å vaske seg.

Storleiken på båten og alt det tekniske utstyret, ikkje minst for kommunikasjon, har gjort det «uendeleg» mykje tryggare å vere fiskar i dag enn hundre år tilbake. I tillegg er mykje av det harde fysiske slitet vekke, likeins påkjenninga av regn, vind og kulde ute på dekk, og slingringa i grapsevêr er sterkt redusert. For ikkje å seie arbeidsordninga; før var det å gå på sjøen så snart det var brukbart vêr, no har mange av dei større båtane gjerne to mannskap med fast turnus.

Kommentarar, bilete og nye opplysningar vert motteke med takk.


Kommentarer

Fiskebåten — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>