I oktober 1978 var det filminnspeling på Fjørtofta. Filmselskapet Aprilfilm leigde samfunnshuset heile månaden i samband med innspelinga av «Kjærleikens ferjereiser». Filmen var basert på boka med same namn av Edvard Hoem. Forfattaren blei tildelt Kritikarprisen for romanen, som var utgitt i 1974, og boka var også nominert til Nordisk Råds litteraturpris.

Som boka handlar også filmen om kvardagslivet på ei forblåst øy på Nordvestlandet og bygda på andre sida av fjorden. Som alle andre stader er der høgst ulike menneske som har ting å stri med i større eller mindre grad. Sentralisering og fråflytting er aktuelle tema, men også omtanken folk i det vesle samfunnet har for kvarandre, og den sosiale fellesskapen som ferja skaper.

Wikipedia har slik omtale: «Filmen handler om menneskene på øya Eikøy og i Ramvik på fastlandet. Mellom disse to stedene går det ferjereiser frem og tilbake uansett vær og vind, men menneskene på øya er få og det lille samfunnet går etterhvert i oppløsning idet øya blir mer og mer avfolket.»

Filmteamet var innkvartert privat i fleire hus på øya, og regissør Hans Otto Nicolayssen hadde berre godt å seie om mottakinga dei fekk av øybuane og opphaldet i det heile på Fjørtofta. Særleg rosa han matstellet på samfunnshuset, der «innfødte kokker» – eit knippe husmødrer – stod bak grytene. Øyafolket var like fornøgde, dei hadde ikkje eit vondt ord å seie om filmgjengen.

Det einaste som ikkje klaffa 100%, var at den innleigde ferja, Jønshorn, var borte ein dag dei skulle ta opp ferjescener. Det viste seg at MRF utan varsel hadde sett ho inn i rute då ei anna ferje fekk maskinskade. Aprilfilm hadde henta skodespelarar frå Oslo og Bergen nett til den dagen, så det vart ein uheldig strek i rekninga. Heldigvis kom Jønshorn tilbake dagen etter, så filminga kunne gå sin gang.

Filminnspeling tek si tid og er ei tolmodsprøve for skodespelarar og andre involverte. Dei fleste scener vert tekne ikkje berre to, men ofte mange gonger før regissøren er nøgd, og for å ha litt å velje mellom når filmen skal syast saman. Ikkje minst i det sure oktobervêret som det var mykje av under filminga, røynte det på humøret og tolmodet. Men filmarane var vant med lange dagar og mange slags forhold, så det gjekk utan sure miner.

Ein del fjørtoftingar fekk òg «gå til filmen» – som statistar. Det var gjort avtale med Fjørtoft turn- og idrottslag og ungdomslaget Framsteg om at dei skulle stille med eit bestemt tal personar til å steppe inn som statistar. For dette skulle laga få godtgjersle. Og det var ikkje vanskeleg å få folk til å stille opp.

Men det vart eit lite etterspel angåande honoraret. Idrettslaget tok kontakt med Aprilfilm og bad om å få utbetalt pengane og fekk kr 12.000 inn på konto. Framsteg visste ikkje noko om dette spurte seinare etter pengane, men då var selskapet gått konkurs. FTIL meinte at dei berre hadde fått sin part og ville ikkje dele med ungdomslaget. Dette tykte Framsteg var urimeleg, og etter ein del korrespondanse og møte mellom laga kom det til ei minneleg ordning hausten 1981 der Framsteg skulle få utbetalt halve honoraret i tre avdrag over like mange år.

Fleire kjende skodespelarar var med i filmen, mellom andre far og dotter Eilif og Frøydis Armand, Sigrid Huun, Terje Hartviksen og fleire. Sistenemnde var då tilsett ved Teatret Vårt. På eit orienteringsmøte som filmteamet heldt for bygdefolket, var også forfattar Edvard Hoem til stades. Henning Sommerro laga musikken til filmen og Vårsøg stod for innspelinga.

Dei fleste opptaka vart gjort på Fjørtofta, noko i Brattvågen og sjølvsagt ein del på ferja. Filmen hadde kinopremiere på Fjørtofta i oktober 1979, eit år etter innspelinga.

Kommentarar, nye opplysningar og bilete er velkomne!


Kommentarer

Kjærleikens ferjereiser — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>