Utgravingar i Dysvika på Fjørtofta viser at det var ein buplass der i eldre steinalder. Men det var før det gigantiske Storegga-raset gjekk for 8200 år sidan. Skredet skapte ei ti-tolv meter høg bølgje som slo innover land med voldsom fart og kraft og utraderte alle som måtte ha vore på plassen då. Men der må ha budd folk lenge før den tid, for buplassen var dekt av avleiringar som gjorde at tsunamien ikkje sopte vekk alle spor.

Frå om lag denne tid og 3000 år framover låg landet og havet på same nivå, slik at bårene bygde opp ein strandvoll av stein og grus som i dag ligg om lag 10 m over havet. Buplassen i Dysvika vart funnen under denne strandvollen. Slike vollar – eller rimmer – ti meter over havet, finst på alle øyane og også på fastlandet. Fordi dette i seinare tid var tørraste plassen, vart gjerne både hus og vegar lagt på denne rimma. Ho er såleis også opphavet til gardsnamnet Rimma som finst overalt.

Fehald tok til for om lag 6000 år sidan i Noreg. Med husdyr kunne folket spe på føda attåt jakt, fangst og fiske som var hovudnæringa enno eit par tusen år. Men frå rundt 2000 f.Kr. vart korndyrking stadig viktigare, noko som gjorde menneska meir stadbundne. Kva tid dei første vart bufaste her på øyane veit ingen. Truleg starta det med at ei gruppe menneske slo seg ned ein stad og starta å dyrke korn og halde husdyr attåt fiske og fangst.

Slik vart den første garden til. Når folketalet auka og det vart trongt om plassen, drog nokre av dei til ein ny plass og «starta for seg sjølv». På Fjørtofta vart den eine garden etter kvart til to, sjølv om tuna vart liggande i same området. Otterlei var lenge berre utmark og vart ikkje busett før frå 1760-talet og vart eigen matrikkelgard i 1838.

(Korrigeringar, kommentarar, bilete er velkomne.)


Kommentarer

Dei eldste tider — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>