Brørne Hans L., Edvard og Karl Fjørtoft frå Ekregarden hadde planar om å setje seg opp eit sjøhus og fekk frådelt eigedomen Veslenes nede på Kongsneset i 1920. På sildefiske nordanfor fann dei ei høveleg sjøbud i Stokksund på Trøndelagskysten. Denne kjøpte dei, førte ho med seg sørover og sette ho opp på Veslenes omkring 1923. Som rimeleg kan vere, har huset fått namnet Ekrebuda.

Dei leigde ein Fylling frå Langevåg til å setje opp murane og sette sjølve trebygget oppå. Det er ei stor sjøbu i tre høgder av treverk i grove dimensjonar, så det var eit drygt arbeid å få ho på plass. Planen var å salte sild i bua, og det vart difor kjøpt ei stor mengde salt som vart lagra i ein binge i andre etasje. Så kom ein storstorm frå nordaust og vaska ut ein del av muren under huset, og vekta av saltet drog bygget skeivt. Dei fekk reparert muren, men bua vart ståande litt på hall.

EkrebudaDei gode tidene i fiskeria under første verdskrigen tok slutt, og det kom nedgangstider utover 1920-åra, særleg i fiskeria. Store mengder saltsild låg lagra langs kysten utan å bli selt, så sildesaltinga i Ekrebuda tok fort slutt. Dei stadig skralare 20-åra gjekk over i endå dårlegare 30-år, så nokon meir fiskeproduksjon vart det ikkje. Sjøbua vart no brukt til lagring av vegn og utstyr for fiskebåtar. Elles fekk fiskebåtane bunkre olje der til 1940 då tyskarane tok tanken og flytta han ein annan stad. Alf Turøy heldt til i eine etasjen først på 1960-talet der han både laga og reparerte trålnøter.

Sjølv om ho var litt skeiv, stod bua trygt på plass i 60–70 år og opplevde nok mangt eit uvêr. I  1997 kjøpte Harald og Ole Roger Dyrkorn Ekrebuda med sikte på å setje henne i stand att. Bygget var då skada av nyttårsorkanen i 1992, og særleg hadde det gått ut over taket. Sommaren 1998 og 1999 vart det lagt nytt undertak, sviller og lekter, og takskiferen vart teken av, gjort rein og lagt på att. Den innvendige konstruksjonen i bua hadde ikkje teke skade av lekkasjar frå taket.

Hausten 2006 vart bygget skada av ein kraftig storm frå aust. Det oppmura steinfundamentet (kaia) som bua står på vart delvis rive ut i front og sjøen grov ut massar eit stykke inn under huset. Denne skaden vart reparert i oktober 2007 og heile bygget retta oppatt, samstundes som det vart fylt i ny stein innvendig og støypt betonggolv i første etasje. Det vart også støypt ny betongplate på kaia rundt bua.

Ekrebuda har dei seinare åra ikkje vore brukt til anna enn lagerplass for mellom anna ymse gamal fiskereiskap og gamle båtmastrer. For at bygget skal bli teke vidare vare på, treng det ny utvendig bordkledning.


Kommentarer

Ekrebuda — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>