Under den andre verdskrigen, nærare bestemt 24. oktober 1944, opplevde folket på Nordøyane ei tragisk og meiningslaus hending. Det var ein fin haustdag med sol frå klar himmel og roleg sjø. Rutebåten Eira var på veg til Ålesund med 40-50 personar om bord. Ho hadde nett gått frå Lepsøya då nokre engelske/allierte fly kom inn frå havet. Dei kursa mot Skjeltene og sleppte miner i skipsleia i området. Så svinga dei ut mot havet igjen og flaug då rett over d/s Eira og pepra den forsvarslause båten med mitraljøsene sine.

Styrmann Bernt Hurlen svinga båten inn mot Hestøya i von om å finne ly mot kuleregnet, men til lita nytte. Sjølv vart han skoten og drept. Det var fint vêr denne dagen, og fleire oppheldt seg ute på dekk då skytinga starta, for ingen venta åtak på ein liten rutebåt. Alle sprang for livet for å kome seg i dekning, men nokre vart liggande att på dekk. I alt 16 personar miste livet, dei fleste frå Nordøyane. I tillegg var det mange skadde.

Frå Fjørtofta var det tre personar som miste livet: Martinus J. K. Fjørtoft frå Huslandsgarden, og Hans I. Otterlei og søstra Klara frå Nedste Kleiva. Også mannen til Klara, Hans Grimstad frå Hareid, vart skoten og drepen.

Straks åtaket var over, hoppa nokon på sjøen og symde til lands, og det vart strekt ei line frå Eira og inn til land. Skadde vart plasserte om bord i ein livbåt som vart sett på sjøen, og dei fekk båten til lands sjølv om han lak som ein sil etter mange kulehol. Frå Lepsøya og andre stader kom det no båtar som hjelpte til med berginga og tok seg av dei skadde.

Syskena Svanhild på sju år og Inge på fjorten var med foreldra sine til byen denne dagen. Planen var at begge skulle på sjukehuset og ta mandlane. I staden vart det eit mareritt verre enn det er mogleg å førestille seg. Etter at infernoet med hylande fly og kulesprut som knuste alt det traff var over, låg det att 16 døde og mange skadde, og dekket flaut av blod. Mellom dei døde var faren til dei to borna, og Svanhild sjølv var hardt skada.

Familien på fire vart tekne om bord i ein fiskebåt og frakta til Ålesund. Hans vart lagt på luka på dekk, og mor Sigrid sa til Inge at dei trong pengar i byen og bad han ta lommeboka til faren ut av lomma hans. Det viste seg då at lommeboka var full av blod og pengane sundskotne. Også gulluret måtte han ta ut. Den hadde også fått treff og hadde stansa fire minutt på ti – nøyaktig då åtaket skjedde.

Svanhild hadde stort blodtap av eit skotsår i låret, og det ho hugsar best, var trongen til å sove, som ho ikkje fekk lov til i første omgang. Etter at Svanhild var innlagt på sjukehuset og Sigrid hadde fått stelt nokre mindre sår, gjekk ho og Inge ut i byen for å prøve å finne husrom for natta. Men dei var så blodute og skitne at ingen ville ta dei inn før ei ung frue forbarma seg over dei og lét dei få overnatte i stova si.

Mange har spurt korleis flya kunne angripe ein fredeleg passasjerbåt med berre sivile om bord. Noko godt svar er ikkje kome. Det har vore antyda at baugen på Eira kunne minne litt om eit krigsskip, og at båten kunne ha blitt sett i samanheng med ein mudderpram som låg i området. Engelske/allierte fly hadde på tidlegare raid, seinast i august, angripe både denne prammen og andre farty i nærleiken.

Det var først og fremst eskorteflya, som var med for å beskytte dei som la ut miner, som skaut. Jan Olav Flatmark, som har studert hendinga grundig, fortel at eskorteflya fór hit og dit og fyrte av på alt dei såg.

Eira

D/S Eira


Kommentarer

Eira-tragedien — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>