Petter Dyrkorn (1921 – 2006) var frå Dyrkorn i Stordal kommune, men busette seg på Fjørtoft rett etter andre verdskrig. Han arbeidde for det meste som bygningsmålar og delvis som fiskar. Han var bibliotekar på Fjørtoft folkeboksamling, seinare Fjørtoft filial av Haram folkebibliotek. Etter at han slutta med målararbeid av helsemessige grunnar, heldt han kurs i rosemåling og landskapsmåling. Best kjend er han nok likevel for sitt store og viktige arbeid for å skaffe fram kunnskap om folk som levde på våre kantar for fleire tusen år sidan.

Bygdebibliotekar
Bøkene til Fjørtoft folkeboksamling hadde i lang tid lege nedpakka i kasser då Petter Dyrkorn tok fatt i dei på slutten av 1950-talet. Han fekk plassert biblioteket på samfunnshuset Varden og la ned eit stort arbeid med å ordne og katalogisere boksamlinga. Med flid og tolmod sette han biblioteket i svært god stand. Ved innkjøp av bøker tok han eit visst omsyn til kva lånarane var interesserte i, som han fekk kunnskap om etter kvart. Likeins ved innlån frå bokbåten.

Dyrkorn fekk bokbåten Epos til å ta Fjørtofta inn som stoppestad frå starten i 1964. Og kontaktmann var han for bokbåten i over tretti år – fram til 1995. Han var også sjølv med Epos nokre turar der han heldt foredrag og viste lysbilete om arkeologiske utgravingar han deltok i på Hardangervidda og fortalde om steinalderfolket på våre kantar og viste korleis dei laga flintreiskapar.

Amatørarkelog og -geolog
På 1960- og 70-talet vart det gjort fleire større gravings- og dyrkingsarbeid på Fjørtofta. Mellom anna vart det grave brunnar og grøfter for vassleidningar. I samband med nydyrking vart det også grøfta ein god del. Dyrkorn var gjerne til stades ved gravearbeida og saumfor grøftekantar på leiting etter spor etter forhistoriske menneske. I meir enn 40 år tråva han Fjørtofta på kryss og tvers, meir langs grøftekantane enn på landevegen, vert det sagt.

Og han gjorde mange interessante funn; mesteparten er i Bergen, men nokre av gjenstandane er på Petter Dyrkorn-samlinga på Otterlei skule, der folk kan få sett dei.

Det var Dyrkorn som fann den kjende Dysvika-buplassen på søraust-sida av Fjørtofta. Ein dag i 1972 inspiserte han ei stor dreneringsgrøft som gardbrukar John Davik grov gjennom strandvollen. Han la merke til ei mørkare stripe med trekolbitar under strandvollen. Dette var i og for seg ikkje noko særsyn, men då han grov litt i kolstripa, fann han flintavslag – små steinfliser etter produksjon av reiskap.

Han visste då at her måtte ha vore folk før denne strandvollen vart lagt opp av havet for nokre tusen år sidan, og varsla Historisk museum i Bergen som har med slike saker å gjere på våre kantar. Våren 1973 vart buplassen utgraven av ei gruppe med både arkeologar og andre fagfolk – i lag med Petter.

Dysvika - Davik

Petter Dyrkorn sitt kart over funn i Davik-området

Utgravinga gav avgjerande ny kunnskap, for dette var den første overfløymde steinalderbuplassen som var funnen intakt. Funnet så å seie endra historia, ikkje berre Nordøyane si, men for heile kysten av Noreg. Karbondatering av trekol og eit stykke never viser at det er mellom 7 500 og 8 000 år sidan folk heldt til i Dysvika.

For omkring 10 000 år sidan tok havet til å stige på grunn av issmelting, særleg i Nord-Amerika. Bårene førte stein og grus med seg innover land etter kvart som havet steig og la att den nemnde strandvollen der sjøen stoppa – oppå buplassen. Sidan har landet heva seg slik at plassen no ligg 8–10 m over dagens havnivå.

Dyrkorn fann også fleire andre steinalderplassar på Fjørtofta, mellom anna på Perimma og i Volsvika der det også er spor etter busetting heilt tilbake til for meir enn 8 000 år sidan. Han tok òg hand om eit verdfullt funn av ovale og treflika draktspenner frå ei kvinnegrav på Malen. Dyrkorn var kontaktmann for Bergen Museum og hadde tilsyn med private og kommunale gravearbeid som kunne kome i konflikt med fornminnelova. Gjennom fem somrar, frå 1969 til 1974, deltok han som feltassistent i Hardangervidde-prosjektet for tverrvitskapleg kulturforsking.

Petter Dyrkorn samla mykje interessant materiale – både arkeologisk og geologisk. Han la tidleg merke til den særeigne berggrunnen ved Vågholmen og andre stader på nordsida av Fjørtofta, der berggrunnsgeologar seinare kom og fann mikrodiamant og andre sjeldne mineral. Samlinga hans vart i 1991 plassert i første etasje på gamle Otterlei skule på Fjørtoft og er godt besøkt i sommarhalvåret.

Ei sterk interesse for folk sitt liv og levemåte i forhistorisk tid var drivkrafta bak Dyrkorn sitt virke som arkeolog. Han hadde ikkje formell utdanning i faget, men hadde utdanna seg sjølv ved å lese alt han kom over og plukke opp informasjon og opplysningar som dukka opp. Samarbeidet med Historisk museum gjorde også at han fekk studentarbeid og vitskapelege avhandlingar tilsendt. Utdanna arkeologar såg på han som sin likemann. Dei visste at mykje historie om den tidlege busettinga i landet ville ha blitt liggande i jorda eller gått tapt var det ikkje for Petter som leitte og grov.

Kunstnaren
Som nemnt innleiingsvis heldt Dyrkorn kurs både i rosemåling og landskapsmåling. Over tretti kurs i rosemåling har han halde i regi av Friundervisninga, og også teke vare på gamle sunnmørske rosemålingsmønster og katalogisert dei. Kurs i «vanleg» måling har han òg halde. Han var ein habil teiknar og amatørkunstnar, som mellom anna stilte ut bilete på minst ei av Ålesund kunstforening sine amatørutstillingar.

Han måla helst landskap frå fjell og kyst. På bakveggen på scena på samfunnshuset Varden er det eit stort måleri av Skulefjellet, laga av Dyrkorn. Dekorasjonen i mosaikkmønster rundt scena er også hans verk, og likeins dekoren i gangen.

Kulturprisar
Den breie kulturinnsatsen til Petter Dyrkorn, særleg som historieforskar, men også på andre felt, vart lagt merke til langt utover heimbygda og kommunen. For arkeologane ved Universitetet i Bergen vart han ein medarbeidar og inspirator, ikkje minst for unge stundentar som kom på besøk til Fjørtofta.

Han fekk først Brattvåg Rotary sin kulturpris i 1986. Denne fekk han først og fremst for «å ha leita fram mange tusen år gamle busetnader i våre bygder. Utan hans innsats ville ein stor del av det vi i dag veit om våre eigne forfedrar vore ukjent.»

Så fekk han Møre og Romsdal fylke sin kulturpris i 1989. Ved utdelinga av prisen framheva også leiar for kulturstyret, Gunvor Krogsæter, innsatsen på det arkeologiske og geologiske feltet, men peika òg på Dyrkorn sitt gode arbeid for biblioteket på Fjørtofta og hans verksemd som kunstnar og kunstlærar.

Til sist vart han tildelt kulturprisen til Haram kommune i 1990. I grunngjevinga sa kulturstyret at Petter Dyrkorn «får prisen for stort og allsidig kulturelt arbeid gjennom mange år». Også her vart det lagt vekt på hans unike arbeid for å avdekke vår tidlege historie, men òg innsatsen som kunstnar og bibliotekar.


Kommentarer

Petter Dyrkorn — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>