Det har i stor mon vore dei sosialt godkjende drikkeskikkane som har regulert alkoholbruken framigjennom tidene. Skikkane vi kjenner frå 1800-talet tente ikkje nødvendigvis til ein sunn omgang med alkohol. Dei kunne tvert imot også føre til drikkepress overfor dei som ikkje hadde særleg hug for drikk.

Først må nemnast juledrikkinga, som nok var den skikken som førte til størst konsum totalt. Det var vanleg å ha brennevin i kvart hus i jula, og likeins vart det bryggja øl. Kom det då kjentfolk innom, skulle dei ha dram og gjerne også øl. Det var vanleg å drikke jul, som vil seie at naboane inviterte kvarandre til juleselskap. Her fekk karane drikke det dei lysta av øl, medan brennevinet var meir tilmåta. Kvinnene fekk mindre sterke saker og mindre mengder.

Ein annan skikk var å ture vakenatt i jula. Gutane på gardane gjekk saman om å bryggje øl og kjøpe inn brennevin så dei hadde rikeleg å drikke. Dei fekk låne seg eit rom på ein av gardane og bad inn jentene til vakenattsdans, og det vart turing med drikk og dans både ei og to netter. Ei liknande tilstelling var kaggøl som dei heldt kring trettande dag jul. Gutane hadde då med seg øl i kagge, saman med brennevin.

Også i bryllaup, som gjekk over tre dagar, var det mykje alkohol. Dei som var glade i det sterke, heldt seg frampå og vart gjerne gåande i ein rus heile bryllaupet. Ei tynne eller to med brennevin og 5–6 tynner øl måtte til i eit skikkeleg bryllaup.

Under torskefisket i februar–mars var det vanleg at fiskarane vart møtt i båtstøa med eit spann varmt øl når dei kom våte og frosne inn frå havet. Men dei brukte ikkje øl på sjøen eller i anna arbeid. Dei som heldt seg til dei vanlege, aksepterte drikkeskikkane, vart rekna som edruelege.

Då Eilert Sundt vitja Haram i 1856, registrerte han at mange av ulykkene på sjøen hende i mai månad. Han fekk mistanke om at dette hadde samanheng med byferdene, som folk helst gjorde på vårparten. I byen kjøpte dei brennevin, noko som kunne føre til at dei vart mindre varsame under seglasen heimover.

Omkring 1850 tok fråhaldsrørsla til på Sunnmøre, og det reiste rundt folk på bygdene og agiterte mot brennevinsdrikkinga. Dette førte til mindre bruk av brennevin, men desto meir av øl, som var akseptert. Etter kvart vart det skipa fråhaldslag, og saman med ei sterk religiøs vekking som gjekk over området på 1880-talet, minka alkoholbruken monaleg mot slutten av hundreåret og utetter 1900-talet.

På Fjørtofta vart det starta totalfråhaldslag i 1885. Knut Nilsson Fjørtoft (Gyridgarden) gjorde opptaket og var første formannen. Laget var mykje ei frukt av den religiøse rørsla. Det gjekk til 1926.

I åra rundt 1920 hadde fråhaldsrørsla si stordomstid, og Sunnmøre var ein av bastionane. I oktober 1919 vart det halde folkerøysting om forbod mot innførsel og omsetning av brennevin og heitvin. På landsbasis vart det eit fleirtal på vel 69% for forbod, i Haram nesten 99%. Berre 16 personar røysta imot. Forbodet vart oppheva etter ei ny folkerøysting i 1926, men i Haram ville framleis 97% behalde det.


Kommentarer

Drikkeskikkar — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>