På Fjørtofta er det funne fleire spennande mineral, mellom anna diamant. Rett nok ein liten sort med nemninga mikrodiamant – med diameter på om lag 1/100 millimeter. Diamantane er innfalda i bergarten gneis, og lettast tilgjengelege har dei vore på austre Vågholmen, men ingen har så langt funne dei drivverdige. I 1993 var den russiske geologen Larissa F. Dobrzhinetskaya på øya saman med dåverande ordførar Margrethe Tennfjord og plukka med seg 50 kg gneis.

Mikrodiamant

Mikrodiamant frå Fjørtoft

Steinen vart knust og analysert med avansert utstyr både i Trondheim, Oslo, London og Amsterdam, og det vart slått fast at han inneheldt diamantar. Men med ein storleik på 1/100 millimeter i diameter er han ikkje lett å få auge på ute i naturen.

Eit anna mineral i ein annan bergart som vart funne, vekte også stor interesse. Det var mineralet granat som er innkapsla i bergarten eklogitt. Det finst i større mengder og over eit større område på nordsida av øya – frå den nemnde Vågholmen til Hellvika, og truleg fleire stader òg. Ikkje berre geologar, men også bergverksfirma tok etter kvart til å vise interesse for granatforekomsten.

Såleis vart det halde eit orienteringsmøte om Bergverksdrift på Fjørtoft på skulen 26. oktober 1989. Bakgrunnen for innkallinga var at eit selskap som dreiv med bergverksdrift, Stokke A/S i Ålesund, hadde kontakta kommunen fordi dei meinte å ha funne svært lovande førekomstar av granathaldig eklogitt på Fjørtofta. Ordførar, rådmann og teknisk sjef møtte frå kommunen, saman med alle seks kommunestyre-representatane frå Fjørtofta. Vidare var der nokre grunneigarar, og frå Prosjekt Fjørtoft møtte Nina Nordang og Kjell Einar Fjørtoft.

To representatantar frå Stokke A/S var òg til stades og orienterte om sine planar for bergverksdrift på øya. Dei fortalde at dei skulle ta ut eklogittfjell og først knuse steinen til toms storleik i eit knuseanlegg utandørs, og deretter ned til 2 millimeter i innandørs knuseverk. Så skulle granatkorna skiljast frå ved bruk av vatn. Granatsanden skulle deretter tørkast og pakkast i sekkar og skipast ut på bil. Bruksområdet til det ferdige produktet er sandblåsing.

Totalt kvantum fjell i området var berekna til ti millionar tonn. Uttak av råmasse var stipulert til 50.000 tonn årleg, noko som ville gi 10-15.000 tonn ferdig produkt. Denne utvinninga ville gi 5–6 arbeidsplassar på Fjørtofta, og oppstart kunne skje i løpet av eit halvt års tid.

Møtet munna ut i semje om at dei tre partane – Stokke A/S, Haram kommune og Prosjekt Fjørtoft – skulle arbeide fort framover for å kunne presentere meir detaljerte planar for prosjektet, samt kartlegge eventuelle skadeverknader av ei slik drift.

Bakgrunnen for at Stokke A/S fatta interesse for bergverksdrift, var at Prosjekt Fjørtoft tok kontakt med Norges geologiske undersøkelser (NGU) for å undersøkje om mineralførekomstane på øya kunne utnyttast. NGU hadde då eit leiteprogram etter ilmenitt, eit mineral som gir titankvitt, som vert nytta som fargestoff i mellom anna plast. Det vart sendt inn steinprøver frå Fjørtofta, og i prøvene fann dei ikkje ilmenitt, men mineralet granat.

NGU hadde kontakt med Stokke A/S som var interesserte i å finne ut om førekomstene kunne nyttast kommersielt. Stokke gjorde prøveboringar på Fjørtofta og fann førekomstar dei såg på som svært lovande. NGU gjekk vidare og undersøkte minerala i elektronmikroskop. Dei meinte først at granaten var utnyttbar, men fann seinare at han hadde sprekker og likevel ikkje kunne brukast til det påtenkte føremålet. Stokke avlyste dermed prosjektet.

Nye opplysningar er velkomne!


Kommentarer

Diamantar og granatar — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>