Omkring 1915 bygde Otterlei og Davik ei lang kai av støyp (betong) ut i sjøen frå Davik-fjøra. Til pålar vart det sett opp tolv toms betongrøyr som dei fylte med sement. Det var to røyr i lag og så ein avstand til neste par. Enden av kaia vart bygd kraftigare med minst 20 toms røyr.

Oppå pålane vart det støypt ei vel tre meter brei plate, men om lag det doble attpå enden, der båtane la til. Armeringa var to 12 eller 16 mm jarn utpå kanten på kvar side. Innimellom var det brukt flatbanka tynneband. På eine sida – mot vest – var det eit rekkverk som folk kunne halde seg i når vinden var frisk. Det hende at dyr som skulle på land eller sendast med rutebåten datt på sjøen.

Der er nokså langgrunt, så kaia vart heile 143 meter lang for å få nok sjø under kjølen på båtane som skulle legge til. Det vart såleis lang transport for varer som skulle ut eller inn, og difor var det støypt ned «trikkespor» som dei drog ei vogn etter. På land stod eit pakkhus for lagring av varer. Martinus R. Davik stod i brodden for dette prosjektet.

Dei første båtrutene mellom Nordøyane og Ålesund kom i gang i 1877. Etter eit par års drift vart det opphald, inntil Søndmøre Dampskibsselskab i 1885 oppretta faste ruter her. Dei første åra fanst det ikkje kaier for rutebåten nokon stad, så folk og dyr, varer og mjølkespanner måtte fraktast med robåt til og frå. Såleis vart det ei ombot for dei reisande og varetransporten då Davik-kaia kom på plass.

Rutebåtane har for lengst slutta å anløpe her, og det er heller ikkje mykje att av kaia no. Ho vart slått ned og brukt til fyllmasse då Davik småbåtlag bygde hamn her i 1983/84. Den sørvestre moloen på hamna ligg akkurat der kaia gjekk. Den ytste delen av kaia ligg framleis utfor enden av moloen.

Kommentarar og nye opplysningar er velkomne.


Kommentarer

Davik kai — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>