Davik Fiskeoppdrett As vart stifta i 1987 av Helge Davik og Harald Nordang. Selskapet dreiv med kveite stamfisk, rognproduksjon av kveite og noko seinare produksjon av kveitelarvar og kveiteyngel. Dei sette opp eit landbasert anlegg med stålhall på ca. 925 kvadratmeter som etter kvart inneheldt to store kar for stamfisk, yngelkar og eige klimarom for produksjon av kveitelarvar og kveiteyngel.

Ein pumpestasjon med leidning ut i sjøen henta inn sjøvatn frå om lag 37 meters djupne. For å skaffe mat til larvar og yngel vart det investert i ein produksjonsflåte for filtrering av plankton og raudåte. Likeins vart det installert eit straumaggregat for å sikre stabil forsyning av elkraft under alle vêrtilhøve.

Selskapet kom med i Ny Fisk-programmet, som er eit offentleg tiltak for å få fram nye oppdrettsartar, og fekk etter kvart eit nært samarbeid med professor Jan Raa på Fiskeriforskning i Tromsø. Dei fekk også FOU-støtte for å utvikle anrika hoppekreps som startfor til kveitelarvar og yngel.

Etter rundt eit halvt års drift vart aksjekapitalen utvida. Det kom inn to ventureselskap frå Sveits som både gjekk inn på eigarsida og stilte med reservefondskapital. Seinare kom også fleire lokale investorar inn i selskapet. På det meste var det tilsett 2–4 personar på anlegget, mest om vinteren under gyting og startforing vår og sommar.

Selskapet kom i gang med larve- og yngelproduksjon, men til liks med andre selskap som dreiv med dette, vart startforet til larvane den vridne nøtta å knekke. Etter kvart vart det sett opp startforingskar utandørs med solskjerming og dekkduk. Her vart det produsert eit lite antal yngel med fin pigmentering både i 1991 og 1992.

I 1993 såg både rogn- og larveproduksjonen svært bra ut, og første del av startforingsfasen gjekk etter planen. Men i juli dette året vart anlegget utsett for sabotasje. Nokon hadde teke seg inn i startforingsområdet og tappa kara med yngel på sjøen, og 34.000 yngel til ein verdi av ein million kroner gjekk tapt. Lensmannen i Haram granska hærverket, men fann ikkje ut kven som stod bak.

I tilknyting til lærarkonflikten i 1995 vaks det fram ein rykteflaum og skuldingar omkring «kveitesaka». For å imøtegå dette, sette politiet inn store ressursar i von om oppklaring. Ein dag i februar 1996 kom ti sivilkledde politifolk til Fjørtofta for å ta opp nye vitneavhøyr. Dei gjekk frå hus til hus og spurde kva folk hadde sett eller visste. Men heller ikkje denne innsatsen førte til resultat.

Davik Fiskeoppdrett As gjekk i kompaniskap med eit selskap i Rørvik om vidare produksjon av rogn og yngel. Det nye selskapet fekk namnet Norwegian Halibut As. Utvikling av god stamfisk vart i hovudsak fronta frå Fjørtofta, medan startforing og yngelproduksjon vart spissa i Rørvik. Selskapet hadde på det meste seks tilsette.

Interessa for marine artar som kveite og torsk var sterkt aukande midt i 1990-åra. Men det vart etter kvart svært kapitalkrevjande å drive med yngelproduksjon, både fordi næringa heile tida måtte løyse problematikk med pigmentering, rett fôr etter plommesekkstadiet, augevandring og meir, og fordi ein heile tida måtte ligge i forkant med utstyr og fagleg oppdatering.

Norwegian Halibut vart selt på slutten av 1990-talet til eit selskap som etablerte seg med kveite på Tjeldbergodden. Dit vart stamfisken frå Fjørtofta også flytta, og selskapet på Fjørtofta vart etter salet avvikla. Anlegget og hallen vart seinare oppkjøpt av oppdrettsselskapet Pan Fish. I dag vert hallen nytta til vinterlagring av båtar, campingvogner og bubilar.


Kommentarer

Davik Fiskeoppdrett — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>