Leselag, boklag, boksamling, bibliotek – kjært barn har mange namn. Det er mykje sannsynleg at det har vore ei nokolunde kontinuerleg boksamling på Fjørtofta frå 1869 til i dag. Men det er store hol i dokumentasjonen, så ei komplett historie er uråd å finne.

Møteboka for Fjærtofts Læseselskab startar i 1869 med «Instruks for et Læseselskab, der agtes oprettet paa Fjærtoften». Instruksen, eller vedtektene, gjeld for «…et frivilligt, fælles Bidrag til at indkjøbe et omforenet Antal Bøger til regelmæssig Cirkulation blandt Selskabets Medlemmer.»

Instruksen inneheld i alt femten paragrafar som bestemmer korleis laget skal styrast og korleis innkjøp og utlån av bøker skal ordnast. Normal lånetid var fire veker, seinare utvida til åtte. Medlemsinnskotet var 2 ort 12 skilling. 22 menn teikna seg som medlemer i starten, og 30 bøker vart innkjøpt første året.

Døme på bøker som vart kjøpt inn: «Folkelæsning» av G. Rode, «Napoleon Bonaparte», Pattedyr», «Veiledning og Opmuntring for bekymrede Sjæle», «Luthers Leveregler», «Husdyrstellet», «Norske Folkeeventyr» av Asbjørnsen & Moe.

Til rekneskapsførar første året vart R. Storvik vald, og som bokhaldar R.O. Fjærtoft. For 1870 fekk H. Andresen og Knudt Nielsen Fjertoft desse verva.

Frå 1874 ser det ut til å ha vore ei laber periode i laget, for det er ikkje notert noko i protokollen før 1881. Då vart det halde årsmøte og valt «den kommende lærer L. Laangva» til formann og Knut J. Fjærtoft som mellombels formann. Bokhaldar skulle Rasmus L. Fjærtoft vere.

På møte 17/2-1882 vart det så vedteke nye statuttar for leselaget.
§ 1: «Fjærtofts læselag bærer navnet Idun
§ 2: «Læselaget Iduns maal er saavidt muligt at danne medlemmerne til gode og nyttige borgere af samfundet.»
§ 3: «Dette maal ønskes naaet derved at sandsen for oplysning vækkes, hvilket igjen tenkes at ske gjennem behandling af samtaleemner og læsning af gode bøker.»

I alt var det 16 paragrafar. Lars Longva vart no vald til formann, Knut J. Fjærtoft til nestformann, og Ole P. Otterlei og Jert J. Fjærtoft styremedlemar. Bokhaldar Rasmus Larsen Fjærtoft skulle halde fram.

På årsmøtet 5/12-1897 vart det bestemt at Idun sine bøker skulle «indgå i den nu påtænkt opprettede nye Fjørtofts bogsamling». Men leselaget skulle halde det gåande til «det offentlige ansøgte bidrag stort kr. 75,- erholdes, saa at det nye kan blive oprættet». Idun sine eigarar forplikta seg då til å overlate alle bøkene vederlagsfritt til den nye boksamlinga.

Leselaget hadde på denne tida rundt 190 bøker. Den nemnde boksamlinga kom truleg i gang, sidan Idun sin protokoll sluttar med dette.

Det finst ikkje noko dokumentasjon om den nye Fjørtofts bogsamling, eller kven som stod bak denne og tok over ansvaret for bibliotekvesenet på øya. Mange av dei frilyndte ungdomslaga som kom til på 1890-talet skipa boksamlingar, så det kan godt vere at UL Framsteg, som vart starta i 1894, tok over for Idun. Den nemnde lærar Lars Longva var også første formannen i Framsteg, og å hjelpe ungdomen fram i kunnskap og opplysning var hovudføremålet til ungdomslaget.

Såleis kan det godt tenkjast at det var Framsteg som styrte med boksamlinga fram til kommunen tok over. Offentleg støtte til innkjøp av bøker fekk dei truleg, men ein god del måtte nok skaffast på annan måte, og det praktiske arbeidet var dugnad.

Kva tid kommunen tok over ansvaret for folkeboksamlinga har det ikkje lukkast å finne ut. Men det var truleg ikkje seinare enn ein gong på 1950-talet, kanskje før. Då kom bibliotekstellet meir i ordna former med fast tilhaldsplass og løna bibliotekar. Tilskot til boksamlingane hadde då vore ytt av kommunen i lang tid.

Fjørtofts boksamling heldt til i Berngarden under andre verdskrig. Kva tid bøkene kom til Berngarden og kvar dei kom frå, er ukjent. To som stelte med boksamlinga her, var lærar Olav Lien og skomakar Per Otnes.

Etter at samfunnshuset Varden var ferdig på slutten av 1950-talet, vart boksamlinga flytta dit. Bøkene hadde då lege nedpakka i kasser ei tid, og Petter Dyrkorn tok fatt i dei og la ned eit stort arbeid med å ordne og katalogisere boksamlinga. Han fekk også bokbåten Epos til å ta Fjørtofta inn som stoppestad frå starten i 1964.

Haram folkebibliotek vart skipa den 23. november 1972. Dette var ei nyskiping av bibliotektenesta i kommunen som følgje av Lov om folkebibliotek som kom året før. Biblioteket i Brattvåg vart då definert som hovudbibliotek, og dei tidlegare sjølvstendige biblioteka vart filialar.

Då ei utviding av skulehuset stod ferdig i 1980, vart biblioteket flytta dit til nye, romslege lokale. Her vart det verande inntil det måtte vike plass for barnehagen og vart flytta til mellombels opphald på Øyatun hausten 1992. Etter to-tre år på ei av leilegheitene der, fekk det kome tilbake til skulen, men no til musikkrommet. Petter Dyrkorn var bibliotekar og filialstyrar til midten av 1990-talet, då Norunn Wuttudal tok over. Ettersom kundegrunnlaget gjekk mykje nedover utetter 2000-talet, vart drifta redusert og filialen lagt ned i 2013.


Kommentarer

Leselag – boksamling – bibliotek — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>