Det var det kristne ungdomslaget Solstreif som fekk bygt bedehuset. Dei fekk kjøpt tomt av Nils K. Fjørtoft for 50 kroner, men han gav halvparten i gåve slik at Solstreif betalte kr 25. Bygginga starta i 1919, og vigslefesten vart halden 28. november 1920.

Ulike kjelder oppgir to forskjellige «byggmeistrar» for bedehuset. Den eine kjelda seier Karl Hatlemark frå Sykkylven, den andre ein snikkarmeister Eidskrem saman med Ole K. Klokk. Det var Hatlemark som bygde både Otterlei skule og ungdomshuset Varden.

Uansett kven som stod føre bygginga, vart svært mykje av arbeidet utført på dugnad. Takskiferen vart frakta av fiskebåten til Otta-brørne Ragnvald, Nils og Knut etter endt sildetur nordpå og lagt på under leiing av Ole K. Klokk. Sand og sement til murane vart også frakta med fiskebåtar, og murane oppsett på dugnad. Trematerial og anna byggetilfang vart likeins henta i Ålesund av fiskebåtar. Karl A. Fjørtoft sette opp skorsteinen. Veiter, grøfter og ein steinsett brunn inne i kjellaren vart utført av ungdomar.

Gåver fekk også bedehuset rundeleg av. Altaskiferen var gitt av dei nemnde Otta-brørne saman med brørne Jon og Olav K. Otterlei. Sement til støyping var det Olav og Jonas i Johansgarden som kosta, og ein stor vedomn, takrenner og beslag vart gitt av Martinus E.K. Fjørtoft. Anna Klepp gav eit åkle til å henge opp på veggen, og Anna K. Fjørtoft frå Vollen gav eit innramma skriftstad-bilete. Mange pengegåver var det attåt.

Bedehuset har seinare vorte ombygt og fått inngang i sørenden, med eit tilbygg. Talarstolen vart då plassert i nordenden og den store vedomnen teken ut. Harald Fjørtoft teikna eit utkast til tilbygg i 1963, som stort sett vart følgt. Det vart innlagt vatn og laga to toalett i kjellarhøgda, samt kjøken og møtesal. Fjørtoft helselag gav 3.000 kr til sanitæranlegg. Mykje vart gjort på dugnad, og arbeidet var fullført i 1966.

Midt på 1980-talet vart det utført oppussing av kjellaretasjen. Golvet i kjellarsal, kjøken og delvis i gangen vart opphakka, masse vart uttrilla, drenering lagt og nye golv støypt. Utgravinga vart gjort på dugnad, men støyping av golv vart utført av firmaet Elias Ramsvik. I golvet på kjellarsalen vart det lagt varmekablar. Kjøkenet fekk ny innreiing og varmtvasstank, og toaletta vart kledde med Haramspanel. Kjellaren vart ved dette arbeidet mykje tørrare. Helselaget gav 5.000 kr i tilskot til ny kjøkeninnreiing. I tillegg til dugnad og eigne midlar vart det teke opp eit lån på kr 60.000.

I 1996 spanderte Fjørtoft helselag ny oppvaskmaskin til 20.000 kroner, og i 1999 fekk bedehuset 100.000 kr i gåve frå ekteparet Ingeborg og Martin Otterlei. I 2007 vart det lagt stålpanel på dei tre vêrveggane. Panelet kosta 40.000 kr, men monteringa vart gjort på dugnad.

Ungdomslaget Solglytt var innmeldt i Kinamisjonsforbundet og var forplikta til å følgje deira lover. I § 4 vert det slått fast at bedehuset skal forvaltast av eit styre på 7 (5) menn, valt av ungdomslaget. Dette var i samsvar med Kinaforbundet sitt syn om at kvinner ikkje kunne veljast i styre og stell. Men av møtebøkene kan ein tydeleg sjå at Fjørtoft bedehus ikkje handheva denne paragrafen, og i 1944 vart kvinner valde både til formann, nestformann og skrivar: Signy Fjørtoft, Inga Davik og Johanna E. Fjørtoft.

Av lovene går det fram at formålet med huset er å samle folket til oppbyggelege møte og at huset elles kunne «tillates benyttet til fremme av menneskekjærlige og gode sosiale formål». Huset vart då også nytta av mange ulike trussamfunn og misjonsforeiningar. Men ein periode frå midten av 1930-talet var pinsevennane utestengde frå bedehuset. Kyrkja fekk dei heller ikkje bruke, og såleis var det eit bryllaup her så seint som i 1944 der pinsevennar nytta ungdomshuset sidan dei ikkje fekk bruke nokon av gudshusa.

Fjørtoft bedehus er i dag ein sjølvstendig eigar og ikkje knytt til nokon organisasjon. Årsmøtet vel styre for bedehuset. I praksis er bedehuset eigd av folk på øya, som finn å ville støtte drifta av det. Bedehuset vart bygt for ei anna tid, og så å seie all tradisjonell møteverksemd er borte. Huset blir nytta ved samlingar av ulikt slag – alt frå strikkekafé og pensjonistlag til familieselskap ved dåp, konfirmasjon og meir.

Mange fjørtoftingar har lagt ned mykje omtanke, tid og arbeid for bedehuset. Ein som kan nemnast særskilt i nyare tid, er Edgar Davik. I over 30 år frå 1962 var han i styre og stell, mesteparten av tida som formann. I tillegg var han søndagsskulelærar og dessutan ein svært inkluderande og raus person, ifølgje folk som kjende han.


Kommentarer

Fjørtoft bedehus — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>