Det nye Søndmør-Romsdalske Dampskibsselskab trafikkerte området mellom Ålesund og Molde frå om lag 1870. I åra 1877–79 fekk dei godtgjersle for mellom anna ruta «Aalesund–Fjærtoft–Harø 1 Gang ugentlig» med dampskipet Arendal. Dette var første spiren til eit rutesamband mellom øyane og Ålesund. Selskapet fekk statstilskot for å frakte post, men verksemda bar seg likevel så dårleg at dei gjekk konkurs i 1879.Arendal
Båtruter og framføring av post hang nøye saman, for frakt av post fekk altså statleg støtte. Fjærtoft Poståbneri kom i gang på dampskipsstoppestaden Davig 1. juli 1878, men vart nedlagt i 1879. Nytt, permanent postopneri vart oppretta i 1885 med «ugentlig bipostrute» til/frå Haram postopneri på Austnes.

Frå 1885 kom Søndmøre Dampskibsselskab med dampbåten Geiranger og trafikkerte Nordøyane to dagar i veka. Stoppestader på Fjørtofta var Davik og Fjørtoftsvik. Eit minus var at båtane gjekk ut frå Ålesund om morgonen eller føremiddagen og tilbake om kvelden, slik at ein måtte ligge over minst éi natt for å få utført ærend i byen på dagtid.

Geiranger

D/S Geiranger

Fleire selskap
Ein konkurrent, Nordre Søndmør Dampskibsselskab, starta i 1888 ei lokalrute mellom Ålesund og bygder rundt med det vesle dampskipet Anna. Ho fekk tilnamnet «Skyr-Anna» fordi ho var mykje for ei mjølkerute å rekne. I 1895 vart Anna avløyst av D/S Ternen, som trafikkerte øyane ein gong eller to for veka fram til 1920. Mjølketransport var elles eit viktig grunnlag for båtrutene denne tida.

Rutedagar og -tider og stoppestader kunne variere frå tid til anna. Som døme kan nemnast at D/S Geiranger i 1890 gjekk kvar torsdag og fredag frå Ålesund kl. 13.00 innom alle øyane til Steinshamn på Harøya kl. 17.45 og tilbake same vegen til Ålesund kl. 22.00. På Fjørtofta var det anløp på Davik og Fjørtoftvik. Kaier fanst ikkje denne tida, så rutebåten la bi utføre land, og folk, fe og gods vart frakta til og frå med robåtar. På Davika vart det bygt kai i 1916 og i Fjørtoftsvika omkring 1925.

Romsdals Dampskibsselskab hadde ei rute frå Molde til Ålesund med anløp på Nordøyane to gongar i veka i første del av 1900-talet. I 1914, til dømes, var Davik stoppestad på sørturen fredag, medan både Davik og Vågholmen hadde anløp på nordturen laurdag.

Fylkesselskap
I 1920 vart Møre Fylkes Ruteselskap (MFR/MRF/Fjord1) skipa med Knudt O. Otterlei som ein av føregangsmennene. Dei kjøpte opp fleire av selskapa og mange av båtane som då trafikkerte området og overtok ein stor del av båtrutene i fylket. Nordøyruta vart no lagt om slik at båten gjekk sørover om morgonen til Ålesund og tilbake om kvelden.

Rutetabellen for Aalesund–Nordøerne–Molde–Aalesund i 1920 fortel at det var avgang begge vegar fem dagar i veka. Båten var innom to stader på dei fleste av øyane, og reisetida frå Steinshamn til Ålesund var fem–seks timar. Tysdagar og laurdagar gjekk det to båtar frå Ålesund; ein om føremiddagen som gjekk heilt til Molde, den andre om ettermiddagen som hadde endepunkt Fjørtoftsvik tysdagar og Steinshamn laurdag. Ei rute frå Molde via øyane til Ålesund gjekk kvar onsdag og fredag. Davik hadde anløp av alle rutene, Fjørtoftsvik to–tre gongar i veka kvar veg.

Frå hausten 1924 vart Molde sløyfa og rutedagane redusert til fire per veke. Anstrengt økonomi i kombinasjon med lågkonjunktur gjorde det naudsynt å spare på drifta. I åra som følgde veksla det mellom fire, fem og seks dagar i veka heilt fram til 1959. Då gjekk rutebåten også på søndagar, og frå 1961 vart det til og med to søndagsturar.

Andre rutebåtselskap
Det var andre selskap enn dei ovanfor nemnde som trafikkerte området. L/L Hildrestrandi hadde i 1920 ei rute med M/B Hildre som gjekk frå Brattvåg kl. 06 til Davik og sørover øyane til Ålesund. Retur same vegen kl. 17. Men etter sterkt påtrykk frå det nyskipa Møre Fylkes Ruteselskap, måtte Hildre «gi frå seg» øyane same året. Frå 1940-talet hadde dei igjen ruter på øyane. M/B Hildre var då innom Vågholmane både til og frå Brattvåg i ein rundtur til alle øyane på laurdagar, og søndag med ruta Brattvåg– Vågholmane–Myklebust–Brattvåg.

Hildre

M/B Hildre

Rutebåten Legona, som høyrde til eit Molde-selskap og trafikkerte dei ytre Romsdals-øyane frå 1931 til 1962, gjekk ein tur sørover øyane til Ålesund kvar onsdag og tilbake same vegen torsdagane. Båten gjekk innom Vågholmen på signal.

Også MRF hadde ei rute på dei ytre romsdalsøyane. Båten gjekk ein rundtur med Molde som start- og endepunkt om morgonen og retur i motsett rekkefølgje om ettermiddagen. Frå 1960 til 1970 var Fjørtofta, Rogne og Brattvåg tekne inn som stoppestader i tysdagsruta. Med rutebåten Bolsøy kunne ein då ta bytur til Molde om morgonen og heim om ettermiddagen.

Nordøyruta som MFR starta i 1920 viste seg å vere liv laga. Nokre justeringar her og der har det vore, men i grove trekk heldt ruteskipnaden seg i over 40 år frå 1920: frå Harøya om morgonen til Ålesund, og tilbake om ettermiddagen – ein gong for dag. Den viktigaste endringa som vart gjort, var å redusere talet på anløpsstader til éin på kvar øy. Dette var fullført i 1953.

Etter at hamna på Vågholmane var utbygd og kaia der ferdig i 1953, vart dette fast anløpsstad, og det vart etter kvart slutt med anløp på Fjørtoftsvika og Davika.

Sjøbuss og ferje
Eit merkbart framsteg i båttransporten var innsetjinga av «sjøbussen» Haram i 1952, ein ny, flott gods- og passasjerbåt. Den gjorde byturen både snøggare og behagelegare enn før. Men det største omskiftet kom først på 1960-talet. Frå 1950 og utover tok bilen for alvor til å gjere sitt inntog også på øyane, og i august 1963 tok ferja over for båten. På Fjørtofta var ikkje ferjeleiet ferdig før i november 1965, men ved høveleg sjø kunne ein bil takast på land eller sendast om bord ved hjelp av plankar som ferjelem.

Haram

M/S Haram

Frå hausten 1967 vart Nordøyruta delt i ein søre og ein nøre del med kvar si ferje. Den nøre delen (rute 22) hadde fire turar alle kvardagar mellom Brattvåg, Fjørtofta og Myklebust, og éin tur/retur Brattvåg–Austnes/Longva–Fjørtofta/Myklebust. Søndagsrutene var sams for rutene 21 og 22 og gjekk tre turar innom alle øyane frå Myklebust til Ålesund og tilbake.

I rute 22 kom Dryna med frå april 1970, og Rogne i 1972. I 1980 var det seks turar kvar veg mellom Brattvåg og Fjørtoft/Myklebust, og Rogne hadde fire anløp. Våren 1983 vart Rogne lagt ned som ferjestad, og dei to øyane nordom fekk då fleire turar.

Frå 1994 vart det sett inn to ferjer i rutene som gjekk ut frå Brattvåg, og rutefrekvensen kunne aukast monaleg. Mellom Brattvåg og Fjørtoft/Myklebust vart det no tolv turar dagleg måndag–fredag og åtte turar dei to andre dagane.

Ny båtrute
Etter at ruteområda var delt, vart det vanskelegare å reise mellom øyane og tungvint å kome seg til Ålesund utan bil. Ei god løysing kom med den nye båtruta Ålesund–Nordøyane frå 1. november 1987 – snøggbåten. Den første tida var det ein innleigd båt som gjekk ruta, men 15. mai 1988 kom MRF med sin eigen nybygde katamaran – Fjørtoft. Med dette tok ei ny transportæra for øyane til, og ringen frå 1870-åra var slutta.

Fjørtoft

«Fjørtoft»


Kommentarer

Båt- og ferjeruter — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>