Det var Astrid E. Fjørtoft og Sylvi Otterlei som tidleg i 1977 tok initiativ til å få i stand barneparkering på Fjørtofta. Bakgrunnen var at der var mange førskuleborn på øya denne tida, som ville ha godt av å kome saman for leik og sosialisering, og dessutan mødrer som kunne trenge avlasting og barnepass i ymse samanhengar.

Dei kalla inn til eit møte der 13 mødrer melde si interesse, og litt seinare var det 20 aktive mødrer med. Det vart valt eit styre for å arbeide vidare med å skaffe ein stad å vere, ordne finansar, gjere avtalar med kommunen, få tak i personale og ein god del meir. Dei fem i styret var Sylvi Otterlei, leiar, Dagmar Otterlei, kasserar, Astrid Fjørtoft, sekretær, Gunn Fjørtoft og Else Marie Otterlei.

Lokale fekk dei leige i det tidlegare likningskontoret i huset til Hans Magne Fjørtoft, der det også var eit fint uteområde. Med tanke på å skaffe kvalifisert personale, sette husmorlaget i gang eit «parktantekurs» der fem av foreldregruppa deltok. Spørsmålet om å starte ordinær barnehage vart diskutert, men barneparkering vart valt fordi det med lågare krav var lettare å kome i gang.

Med 10.000 kroner i kommunalt tilskot, 6.000 kroner på ein basar og stor dugnadsinnsats av foreldra, vart lokala sett i stand og utstyr kjøpt inn. Dermed kunne Fjørtoft barneparkering opne dørene i februar 1978. Heile 27 born i alderen to til sju år var påmeldt. Dei vart delt i to grupper etter alder, og kvar gruppe gjekk annankvar dag kl. 10–14, frå måndag til fredag. Som parkleiar vart Turid Langeland Otterlei tilsett, og sivilarbeidar Bernt Fjørtoft fekk jobb som assistent. Året etter vart Ruth Otterlei tilsett i assistentstillinga.

Overgang til korttidsbarnehage vart diskutert på fleire foreldremøte, og i 1983 var tida moden for det. Største skilnaden i høve til barneparkering var krav om leiar med pedagogisk utdanning, og litt andre krav til dei fysiske fasilitetane ute og inne. Korttidsbarnehagen var eit faktum frå 10. oktober, med dispensasjon ut året frå kravet om pedagogisk leiar.

Liv Longva Nilsen vart konstituert som leiar frå 2/1-1984. Etter utlysing av stillinga våren 1984, vart Marit T. Ludvigsen frå Brattvåg tilsett. Då ho fekk permisjon frå hausten 1987, vart Gunvor Lausund tilsett som styrarvikar i permisjonstida.

Stillinga som styrar i barnehagen vart utlyst då Marit Ludvigsen sa opp våren 1988, og Gunvor Lausund vart tilsett mellombels for eitt år. Sidan ho ikkje hadde godkjent utdanning, vart det søkt om dispensasjon. Elin Otterlei vart tilsett som vikar for assistent Ruth Otterlei som skulle ha omsorgspermisjon.

Fjørtoft korttidsbarnehage vart knytt stadig nærmare til det kommunale barnehagesystemet og følgde etter kvart kommunale reglar for opptak, foreldrebetaling, opningstider, lønn for tilsette og meir. Også vedtektene vart meir og meir tilpassa dei for kommunale barnehagar. Kommunen ville også ha eit ord med i laget i styringa sidan dei ytte tilskot til drifta.

Gunvor Lausund var styrar for barnehagen i mange år, men måtte søkje på nytt kvart år etter utlysing av stillinga, og så måtte det søkjast om dispensasjon kvar gong. Etter at ho tok utdanning som førskulelærar, fekk ho fast tilsetting i 1997.

Ein plan om å bygge ny barnehage mellom skulen og stadion vart skrinlagt på foreldremøte 13/3-1991. I staden ville dei prøve å få flytta barnehagen til skulen – inn i rommet som folkebiblioteket heldt til i. Då ville dei også kunne nytte andre rom på skulen, som kjøken, formingsrom og gymnastikksal. Området mellom skulen og stadion kunne bli uteområde. Likeins ville dei søkje om å få utvide barnehagetilbodet til 6 timar for dag.

Bygget som barnehagen hadde tilhald i var begynt å forfalle, og særleg var taket dårleg. Under nyttårsorkanen 1. januar 1992 fekk huset større skadar, ikkje minst taket, som tok til å leke ein god del. Endå verre var det at takstein no dagleg fall ned på bakken rundt huset så det var direkte farleg å opphalde seg utomhus både for borna og andre. Styret bestemte difor å stenge barnehagen umiddelbart.

Som ei mellombels løysing for å kunne halde fram drifta, fekk barnehagen flytte inn i kjellaren på bedehuset. Dette varte berre ei kortare tid inntil taket var reparert så born og vaksne kunne flytte tilbake til dei gamle lokala.

Barnehagestyret arbeidde no for å få fortgang i planen om å flytte til skulen, samstundes som det vart søkt om å gjere barnehagen kommunal. Etter sommarferien 1992 vart det gjort kommunalt vedtak om at biblioteket skulle flytte til eit anna rom på skulen slik at lokalet vart disponibelt for barnehagen. Planar og teikningar for ombygging av lokala vart utarbeidt og godkjende av kommunen.

Sjølv om det var gjort svært mykje dugnadsarbeid av foreldra både ute og inne sidan barneparken starta, vart hausten 1992 den store dugnadsperioden i eit elles hektisk år. Biblioteket vart flytta til mellombels opphald på Øyatun av foreldra ein laurdag. Til ombygging av lokala på skulen var det hyrt inn folk utanfrå, men det var også mykje dugnadsarbeid. Så var det flyttesjau frå den gamle plassen og nedvask av lokala. Det vart gjort avtale med Hermund Otterlei om at han skulle gjere grovarbeidet på uteområdet med gravemaskina si, medan resten var dugnadsarbeid.

På møte i kommunestyret 8. oktober kom det endeleg også vedtak om at Fjørtoft barnehage skulle bli kommunal, med atterhald om at det lét seg gjere å få tak i etableringstilskot frå staten. Eit vilkår for å få det nemnde tilskotet, var at barnehagen var innflytta og oppstarta innan 1. desember. Tida gjekk fort utover hausten, men takka vere stor dugnadsinnsats heldt det akkurat, og første ordinære barnehagedag i Fjørtoft nye barnehage var 2. desember 1992.

Etter at barnehagen var flytta til skulen og blitt kommunal, var det rektor på skulen som var den formelle sjefen for barnehagen, og styraren vart dagleg leiar. No var det ikkje foreldra som hadde ansvaret for drifta, så foreldrelaget vart nedlagt. Formelle foreldremøte i barnehagen var det likevel, og mangt og mykje skulle gjerast på dugnad no som før.

Men denne tida tok barnetalet til å gå nedover fordi barnefamiliar flytta frå øya. Såleis minka også stillingsgrunnlaget. Gunvor Lausund tok seg arbeid eit par dagar i veka på Haramsøy barnehage, og slutta på Fjørtofta då ho fekk fulltids jobb som styrarvikar på Lepsøy barnehage i januar 2001. Ruth Otterlei, som hadde vore assistent sidan 1979, tok over som leiar. Men barnetalet gjekk stadig nedover til der var berre to igjen i 2007. Sidan nedlegginga har førskuleborn pendla til barnehagen på Harøya, og per i dag er det tre små fjørtoftingar som går der.

Fjørtoft barnehage


Kommentarer

Fjørtoft barnehage — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>