På 1980-talet var det stor optimisme innan skjelnæringa, og mange stader vart det starta med oppdrett. Dei fire fjørtoftingane Alvhild Fjørtoft, Eldar Fjørtoft, Borghild Reenskaug og Guttorm Sandøy gjekk saman om å skipe Fjørtoft Akvakultur A/S, og produksjonen av østers starta i 1985.

Eit anlegg med korger på rekkje for østersen vart lagt ut i Hellvika på nordsida av øya. Korgene hadde søkke under og kork og blåser som oppdrift i andre enden for at dei skulle stå beint i sjøen. Kvar rekkje, eller strekk, var forankra i begge endar. Anlegget hadde tre 120 meter lange strekk liggande side om side med 40 korger i kvart strekk.

Østersyngel vart skaffa frå Vågstranda og sett ut – 110.000 om våren 1985 og 55.000 om hausten. Dette året var det gode vekstforhold, og østersen vaks bra. I 1986 var det dårlegare vilkår for skjela, men i 1987 var tilhøva igjen gode og då var også tilveksten god. Men østersen veks ujamt, og hausten 1987 varierte vekta på dei som var utsett første året mellom 16 og 33 gram, medan største delen låg på rundt 20 gram. Skjela skal helst vere over 80 gram ved sal, så ein måtte rekne med 4–5 års drift før det vart avkastning.

Arbeid var det nok av likevel. I starten vart anlegget sett opp som ein firkant med anker i dei fire hjørna, noko som viste seg å ikkje halde i det straum- og vindutsette området. Difor måtte kvart strekk fortøyast for seg. Tilgroing av tau, not og utstyr skapte òg mykje arbeid, for det måtte rensast med jamne mellomrom. Det var både tang og tare, sjøpølser og blåskjelyngel. Særleg dei to sistnemnde kunne vere plagsame og vanskeleg å få vekk. Derimot var kråkebollar hjelpsame med å ete tare, medan korstroll (sjøstjerner) var farleg for østersen.

Alt i starten vart det skaffa ein arbeidsflåte i aluminium på 5 x 4 meter, laga ved Otterlei Industrier. Til å heise opp korgene vart det kjøpt og montert ein elektrotalje, og i 1987 vart det installert hydraulisk framdrift på flåten. Høgtrykksspyling vart brukt til å rense korger og utstyr, attåt ein god del handarbeid. Ein dieselmotor ordna med kraft til dei ulike maskineria.

Øykysten er eit vêrhardt område, og stormar gjorde skade på anlegget. Den sterke straumen var også årsak til relativt høgt svinn og til at store mengder blåskjelyngel sette seg fast.

I 1990 var det enno ikkje salsferdige skjel i anlegget. Gladlaks, som hadde merder ikkje langt unna, registrerte sjøtemperaturen kvar dag. I 1987, då tilhøva var gode og tilveksten på østersen var bra, var temperaturen i juli månad 12 ℃. Men røynsler frå Vågstranda og andre stader tyder på at temperaturen i sjøen bør vere opp mot 18–20 grader for å få god nok vekst.

Etter fleire stormbyger i mars 1990 der to av strekka havarerte, vart det bestemt å avslutte verksemda. Det vart gjort avtale med banken at dei sanerte gjelda mot at anlegget vart rydda og teke på land. Dei største skjela vart leverte til MYLO Akvakultur på Harøya.

Fjørtoft Akvakultur A/S v/Borghild Reenskaug var prøvebruk for Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning i perioden 1985–89. Føremålet med prøvebruket var først og fremst å registrere investeringar, økonomisk resultat og arbeidsforbruk i ein produksjon der ein frå før hadde lite data og erfaringar.

Kommentarar, bilete og nye opplysningar er velkomne.


Kommentarer

Fjørtoft Akvakultur — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>