Bygdeboka for Fjørtofta og Flemsøya/Skuløya kom ut i desember 2019. Underteikna var forfattar for den allmenne delen av historia – alt utanom gards- og slektsdelen.

Men mindre enn halvparten av det historiske stoffet eg produserte fekk plass i bygdeboka. Eg tenkjer difor å lage ei eiga «Historiebok for Fjørtofta» med alt det ferdige tilfanget, og kanskje litt til. Alternativet er at mykje av dette stoffet vert liggande i ei skuff og etter kvart går i gløymeboka.

I ei slik ny bok vil alt som vart laga til bygdeboka bli publisert, også det stoffet som kom med i bygdeboka. Såleis vil det bli ein del overlapping i dei to bøkene. Men dei fleste «historiene» som står i bygdeboka er avkorta i større eller mindre grad, slik at noko av innhaldet og samanhengen går tapt, medan den nye boka vil innehalde dei fulle versjonane.

Eg reknar med at den nye historieboka vil bli på minst 300 sider, kanskje 350, avhengig av kor mykje nytt stoff som dukkar opp. Til samanlikning er det 91 sider med tilsvarande stoff (om Fjørtofta) i bygdeboka.

Mykje av stoffet som eventuelt skal inn i ei ny bok er meir eller mindre ferdig. Likevel det er alltids nokre fleire tema eller historier som gjerne kan få plass. Det finst heilt sikkert mange historier frå/om Fjørtofta «der ute» som underteikna ikkje kjenner til. Skrivne ting av mange slag kan ligge på loft eller i skuffer – notisbøker, dagbøker, lagsbøker og andre dokument – og bilete, som ofte fortel «meir enn tusen ord».

Men eg er avhengig av innspel og hjelp frå dei som har tips og/eller opplysningar. Send gjerne forslag, info og bilete til knutflem@online.no eller ta kontakt på telefon 90 10 92 96. Eller skriv i kommentarfeltet nedanfor.

Det er kanskje ikkje rette tida å kome med dette no i førjulsstria, men fristen er lang – ut februar 2021. Kanskje kan temaet kome på bane når familien er saman i jula?

Sjå elles informasjon om Historiebok for Flemsøya-Skuløya, som kom ut i haust.

Knut Flem

P.S. Denne nettsida vart brukt i samband med arbeidet med Bygdeboka, og innhaldet du finn under linkane på høgre sida er ufullstendig og til dels utdatert.

 


Kommentarer

Historiebok for Fjørtofta — 5 kommentarer

  1. Å skrive ei bygdebok med all den informasjon som skal finnes der , uten at det oppstår feil , det lar seg nok ikke gjøre. Ser du har planer om å utgi ei ny bok for Fjørtofta. Då vil jeg gjøre deg oppmerksom på en feil i bygdeboka. På side 86 er der et bilde av noen damer som står på lasteplana på Stongabilen. Der er det ei som er oppgitt å hete Petrine Vatne,tjenestejente i Nystova. Dette er Emma Haram , gift i 1933 med Oskar Otterlei i Dirikgarden , altså min mor.

    • Beklager seint svar. Du har heilt rett i at det alltid vil bli faktafeil i slike bøker. Takk for nye opplysningar. Bildet blir kanskje brukt i mi nye bok, så då kan det bli rett der.
      Sunnmørsposten trykte dette bildet for ei tid sidan og skreiv at fotograf var Oddrun L. Fjørtoft. Kan du (eller nokon annan) stadfeste det?

    • Er det ho nr. 2 frå venstre som er Emma Haram? Er dei andre namna rett (i rekkefølgje frå venstre)? Kan vi gå ut frå at bildet er teke før Emma og Oskar gifta seg?

  2. Sjølv om eg reknar med at du er kjent med det meste som er skrive av fjørtoftingar/om Fjørtofa, tipsar eg om eit hefte med tekstar av Gunnar L. Fjørtoft.
    Heftet er redigert av Torfinn Hellandsvik/Ivar Fjørtoft.
    Tittelen på heftet er «Minne frå farne dagar»

    Lukke til med arbeidet!

    Mvh
    Gunnar Kongsnes

    • Takk for helsing og tips!
      Å seie at eg er kjend med det meste som er skrive av/om fjørtoftingar og Fjørtofta vil nok vere å overdrive. Det finst heilt sikker mykje fjørtoftshistorie eg ikkje har høyrt om. Det nemnde heftet har eg rett nok sett, men kanskje eg bør lese det igjen..
      Knut

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>